Ei søyle er ein smal, loddrett struktur som typisk har ein berande funksjon i eit bygg. Søyler er gjerne frittståanade bygningsdelar, men kan også gjerast til del av ein vegg, noko ein kan kalla ein pilaster. Andre søyler kan vera heilt frittståande, dekorative monument og kan smykkast med ein skulptur på toppen.

Ulike søyler i Roma måla av Giovanni Paolo Panini (1692–1765).

Søyleskaftet kan vera rundt, kvadratisk eller med polygonalt tverrsnitt, og kan ha ulike avfasingar eller forsiringar. Søyla kan ha ein basis som skil seg frå skaftet, og eit kapitel (søylehovud) øvst. Gjennom tidene har ein laga søyler av ulike materiale, som tre, murstein, stein, jern og betong.

Historie endre

 
Hypostylhall i Hathor-tempelet i Dendera i Egypt.

Ifølgje den romerske arkitekten Vitruvius Pollio var dei eldste søylene trestammer, og planteformer pregar gamle egyptiske søyler. Skaftet har form av ein plantestengel (eller fleire samanbunta stenglar), og det kronande leddet, kapitelet, imiterer ei bladkrone eller ein blome (t.d. palme eller lotus).[1]

Frå det gamle Egypt kjenner ein steinsøyler frå så tidleg som 2600 f.Kr., då arkitekten Imhotep laga steinsøyler utforma som plantestenglar.

Mesopotamia, Persia endre

I Mesopotamia gjorde mangelen på stein at ein måtte laga søyler av tegl. Ettersom dette materialet er svakare enn stein måtte desse søylene vera svært tjukke, opptil 3 meter. Søyler var utbreidde i heile den nære Austen. Persarane innførte kapitel i form av dyreprotomar (fremre del av hovudet), og i dei store persiske palass-hallene blir taket bore av ein «søyleskog» (hypostylhallar).[1]

Greske søyler endre

 
Illustrasjon som viser doriske (dei tre til venstre), joniske (tre i midten) og korinitiske (to til høgre) søyler.

I det førhistoriske Hellas (Kreta, Mykene) kunne søyler vera breiare oppe enn nede. I historisk tid blei det utvikla tre ulike søyleordenar som fekk stor tyding for seinare arkitektur: Den doriske, den joniske og den korintiske.[1]

  • Dorisk søyleorden blei utvikla i andre halvdel av 800-talet f.Kr. og var den mest brukte typen på det greske fastlandet og i koloniane i vest gjennom helie antikken. Den doriske søyla er utan basis og står rett på underlaget (stylobat). Skaftet svulmar lett utover på midten (entasis) og har 16–20 rifler (kannelurer) som støyter mot kvarandre i skarpe grater. Kapitelet er ei enkel utkraging eller manglar heilt. Over kapitelet ligg ei kvadratisk plate - abakus - med kvadratisk tverrsnitt.[1]
  • Jonisk søyleorden blei utvikla i aust, på dei egeiske øyane og i Vesle-Asia. Dei eldste kjente eksemplara er frå Smyrna frå om lag 600 f.Kr. Denne søyla er noko slankare enn den doriske. Ho har vanlegvis basis, og kapitelet har form som ein halvt utrulla pergamentrull med uthogde blomsterband, voluttar. Søyla har også djupe kanellurar.
  • Korintisk søyleorden har fått namn etter byen Korint, og blei utvikla på 400-talet f.Kr. Dei eldste eksemplara av denne søyleordenen er funne i Apollontemplet i Bassae, datert til 427 f.Kr. Søyla liknar den joniske, men har korg- eller klokkeforma kapitel overdådig med dekor av akantusblad. Korintiske søyler tek seg likt ut frå alle fire sider, medan de joniske er meint å bli sett frå framsida.

Frå og med klassisk tid blei det også vanleg med halvsøyler som står mot veggen og hovudsakleg har dekorativ funksjon.[1]

Romarriket endre

 
Tempelsøyler på Forum Romanum i Roma.

Romarane overtok dei tre greske ordenane og brukte deo i sin arkitektur sammen med ein etruskisk orden, den toskanske (dorisk søyle med base og utan kannelurer). Romarane utvikla også andre søyler, som spiralsøyle og søyler dekte av rankemønster i relieff, i tillegg til kompositt-kapitelet, der joniske og korintiske kapitel er smelta sammen.[1]

I Colosseum blei korintiske søyler brukt i dei øvre søylegangane og doriske i dei nedste.

Mellomalderen endre

Ytre søyler blei mindre viktige i mellomalderen, og ein forlét dei antikke typane til fordel for meir fleksible former. Kapitel kunne ha blad- eller dyrerelieff.

Renessansen og seinare endre

Renessansearkitektur bygde direkte på antikk arkitektur, og dei klassiske søyleordenane blei innførte igjen.

Kolossalordenen der ein har søyler eller pilastrar som strekkjer seg over to eller fleire etasjar, blei innført. Ofte kan dei dekkja heile høgda til ein fasade. Michelangelo brukte kolossalsøyler i fasadane på Capitol i Roma, oppført frå 1564 til 1568. Kolossalordenen blei særleg utbreidd under manierismen og barokken, og blei teken opp igjen under historismen.

 
Betongsøyler under konstruksjon i Australia i 1936.

Under barokken fekk særformer som spiralsøyler og sitjande søyler ein kortvarig popularitet, medan klassisismen på 1600- og 1700-talet særleg brukte toskanske søyler.

På 1800-talet blei jernsøyla utvikla; jernet stod fritt fram, men alltid forkledd i ein stil frå ei tidlegare tid. Den base- og kapitellause søyla kom først med betongkonstruksjonar frå 1900-talet.

Frittståande søyler endre

Søyler er også blitt brukt som frittståande monument, som obeliskar frå Det gamle Egypt og seinare, asjokasøyler i det sørasiatiske Mauryariket, sigersøyler i Roma, seremonielle huabiaosøyler i Kina og søylegraver i fleire ulike kulturar.

Søyler er blitt frakta frå andre område og reist på nye stader, som obeliskar frå Det gamle Egypt til Roma i romartida og til Paris, London og New York på 1800-talet. På denne tida kunne ein også reisa nye monumentalsøyler, som Vendômesøylen på Place Vendôme i Paris (påbyrja 1806) eller Nelson's Column på Trafalgar Square i London (påbyrja 1840).

I språket endre

Ein kan bruka ordet søyle om ulike ting som liknar søyler, som ryggsøyle, vassøyle (geysir), væskesøyle i eit måleapparata som barometer eller termometer, eller eit søylediagram.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Søyle», Store norske leksikon, 20. mars 2013 

Bakgrunnsstoff endre