Hybridklokkeblåstjerne
planteart
Hybridklokkeblåstjerne (Hyacinthoides ×massartiana) er ei plante i klokkeblåstjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten er oppstått som ein spontan hybrid mellom klokkeblåstjerne og spansk klokkeblåstjerne (H. hispanica × H. non-scripta) i dei områda sørvest i Europa der båe foreldreartane veks.[2]
Hybridklokkeblåstjerne | |
Hybridklokkeblåstjerne | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Underfamilie: | Scilloideae |
Slekt: | Klokkeblåstjerneslekta Hyacinthoides |
Art: | Hybridklokkeblåstjerne H. ×massartiana |
Vitskapleg namn | |
Hyacinthoides ×massartiana |
I Noreg er hybridarten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1990. Arten er i rask auke og veks mange stader langs kysten frå Vestfold til Møre. Han er truleg ofte forveksla med foreldreartane.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[3] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Artsdatabanken: Hybridklokkeblåstjerne». Artsdatabanken. Henta 8. mars 2023.
- ↑ 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 221.
- ↑ «Fremmedartslista 2023: hybridklokkeblåstjerne Hyacinthoides ×massartiana Geerinck». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024.
- ↑ «Fremmedartslista 2018: Hyacinthoides ×massartiana». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) hybridklokkeblåstjerne i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) hybridklokkeblåstjerne hos Dyntaxa
- (en) hybridklokkeblåstjerne hos The International Plant Names Index
- (en) hybridklokkeblåstjerne hos Tropicos
- (en) Kategori:Hyacinthoides × massartiana – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Hyacinthoides × massartiana – detaljert informasjon på Wikispecies