Hybridpilblad (Sagittaria ×lunata) er ei plante i pilbladslekta i vassgrofamilien.[1] Arten veks i Europa og vestlege Asia. Arten er oppstått som ein hybrid mellom pilblad (S. sagittifolia) og buttpilblad (S. natans). Buttpilblad er ikkje funnen i Noreg, men veks i nordaustlege Sverige og i Finland.[2]

Hybridpilblad
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Vassgrofamilien Alismataceae
Slekt: Pilbladslekta Sagittaria
Art: Hybridpilblad S. ×lunata
Vitskapleg namn
Sagittaria ×lunata

I Noreg er arten heimleg på grunt vatn. Han er funnen nokre få stader i Pasvikelva og har truleg kome frå Enaresjøen i Finland.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[3]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Hybridpilblad». Artsdatabanken. Henta 17. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 167. 
  3. «Raudlista: Hybridpilblad». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 17. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre