Enaresjøen
innsjø i Finland
Enaresjøen er den tredje største innsjøen i Finland, og den sjette største i Europa. Han ligg i den nordlege delen av Lappland, nord for Polarsirkelen. Innsjøen ligg 117-119 meter over havnivå, og vert regulert av kraftverket Kaitakoski i Russland. Innsjøen er vanlegvis islagd frå november til tidleg i juni.
Enaresjøen | |||
innsjø | |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Utløp | Pasvikelva | ||
Høgd over havet | 117–119 moh. | ||
Lengd | 80 km | ||
Breidd | 50 km | ||
Areal | 1 040 km² | ||
Middeldjupn | 15 m | ||
Største djupn | 92 m | ||
Volum | 15,9 km³ | ||
Kystlengd1 | 3 308 km | ||
Koordinatar | |||
Øyar | 3 318 (Hautuumaasaari, Ukonkivi) | ||
Enare 68°57′35″N 27°36′06″E / 68.9596511°N 27.6017069°E | |||
Kart som viser Enaresjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Inari | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Dei mest kjende øyane i innsjøen er Hautuumaasaari (Kyrkjegardøya) og Ukonkivi, ein historisk offerstad for folk i tidlegare tider. Det er over 3 000 øyar i innsjøen. Av fisk finn ein aure, laks, åbor og gjedde.
Enaresjøen dekkjer eit areal på 1 040 kvadratkilometer. Han har utsig i nord ved elva Pasvikelva, som munnar ut i Varangerfjorden og Barentshavet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Inari» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2007.