Hymnologi
(Omdirigert frå Hymnolog)
Hymnologi (frå gresk ύμνος, hymnos, ‘lovsong’) er læra om salmesong og salmedikting. Lovsong var i antikken ei nemning bruka om enkel høgstemt lovprising av gudar eller menneske.
I hymnologien forskar ein på salmesongen og den åndelege songen, salmebøkene, salmediktarane og deira salmar. Hymnologien arbeider historisk med salmar i fortid og notid, og han arbeider prinsipielt med salmane sin natur.
Hymnologi er ikkje ein sjølvstendig universitetsdisiplin, men hymnologane arbeider med utgangspunkt i teologi, kyrkjehistorie, litteraturvitskap og musikkvitskap. Nordisk institutt for hymnologi, Nordhymn, er eit forskningsnettverk for nordiske hymnologar.