Hyberborea 2008
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 2008
Innspelt 2008
Sjanger
Lengd 39:21
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Tangram 2008
(2008)
Hyberborea 2008 Autumn in Hiroshima
(2008)


Hyperborea 2008 er det 107. albumet totalt og det 44. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i juni 2008.[1]

Dette er ei nyinnspeling av albumet Hyperborea frå 1983. Det einaste attverande medlemmet frå dei tre som spelte inn originalalbumet var Edgar Froese, som her spelte alle instrumenta sjølv. Han brukte fleire veker på å studere dei originale lydbanda for å finne ut kva instrument som representerte kva lyd.[1]

Sjølv om sporlista berre nemner fire komposisjonar, som er identisk til originalalbumet, består innspelinga av fem spor, sidan tittelsporet «Hyperborea» er blitt delt i to individuelle komposisjonar. Faktisk hadde den originale komposisjonen òg bestått av to klårt forskjellige partar, som var knytte saman av eit lite mellomspel.[1]

Innhald

endre
Nr.TittelLengd
1.«No Man's Land»9:43
2.«Hyperborea Part 1»4:07
3.«Hyperborea Part 2»4:48
4.«Cinnamon Road»3:52
5.«Sphinx Lightning»19:12

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «Hyperborea». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.