Autumn in Hiroshima

Autumn in Hiroshima
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 18. oktober 2008
Innspelt Juni 2008
Studio Eastgate Studios (Wien)
Sjanger
Lengd 57:12
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Hyperborea 2008
(2008)
Autumn in Hiroshima The London Eye Concert
(2009)


Autumn in Hiroshima er det 108. albumet totalt og det 45. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i oktober 2008.[1]

Albumet var det tredje av fem album i ein serie kalla Five Atomic Seasons av Tangerine Dream.

I følgje plateomslaget skal Tangerine Dream i november 2006 ha fått eit tilbod frå ein 82 år gammal japansk forretningsmann, som hadde budd og studert i Nagasaki og Hiroshima i 1945 då begge byane vart råka av atombomber. Dei fem komposisjonane måtte vere 54 minuttar lange. Musikalsk skulle del ein og to, våren og sommaren 1945, omhandle tida då klienten budde i Nagasaki, og skildre ein normal atmosfære. Han budde i Hiroshima hausten og vinteren 1945, og musikken skulle skildre kva som skjedde etter 6. august 1945. Den femte plata skulle vere «tida etter», den såkalla «endelause årstida».[2]

Dei første 300 eksemplar av albumet frå nettbutikken til Eastgate kom med eit japansk kalligrafi signert av Edgar Froese.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag. Sommaren 2009 kom albumet ut på ei dobbel vinylplate i lag med Views from a Red Train og Summer in Nagasaki.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Trauma»9:25
2.«Reset»3:59
3.«Awareness (1st Teaching)»4:59
4.«Novice (2nd Teaching)»4:46
5.«Strange Voices»1:08
6.«Fathom (3rd Teaching)»4:09
7.«Oracular World (4th Teaching)»2:48
8.«Remembering Ayumi»2:42
9.«Mellow Submersion (5th Teaching)»2:37
10.«Answers (6th Teaching)»5:38
11.«Touching Truth»1:21
12.«Insight (7th Teaching)»5:32
13.«Omniscience (8th Teaching)»5:57
14.«Nothing and All»2:11

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «Autumn in Hiroshima». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020. 
  2. «Springtime in Nagasaki». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.