Ein hyperkjerne er ein atomkjerne som består av proton, nøytron og eit eller fleire særbaryon, kalla hyperon. Den første vart oppdaga av Marian Danysz og Jerzy Pniewski i 1952.

Sidan kvantetalet særheit er bevart i sterk og elektromagnetisk vekselverknad, vil i det minste hyperkjernar som inneheld dei lettaste hyperona, lambda, leve lenge nok til å skape skarpe kjernenerginivå. Dei gjer derfor høve til kjernespektroskopi. Fysikken deira er forskjellig fro normale kjernar, fordi eit hyperon kan dele plass med dei vanlege fire nukleona som skil seg frå kvarande med forskjellig spinn og isospinn.

Hyperkjernar kan skapast når ein kjerne fangar ein lambda- eller K-meson og sender ut nøytron i ein samansett kjernereaksjon.[1][2]

Kjelder endre

  1. C. Samanta (2006). «Mass formula from normal to hypernuclei». I S. Stoica, L. Trache, R.E. Tribble. Proceedings of the Carpathian Summer School of Physics 2005. World Scientific. s. 29. ISBN 978-981-270-007-0. 
  2. C. Samanta, P. Roy Chowdhury, D.N.Basu (2006). «Generalized mass formula for non-strange and hyper nuclei with SU(6) symmetry breaking». Journal of Physics G 32 (3): 363–373. Bibcode:2006JPhG...32..363S. arXiv:nucl-th/0504085. doi:10.1088/0954-3899/32/3/010.