Hyperon er ein partikkel med ein annan hyperladning enn nukleona, det vil sei protonet og nøytronet. Hyperona er ein type baryon og er som desse sett saman av tre kvarkar. Det som er særskild for hyperona er at dei består av minst ein særkvark. Dei er særs ustabile og har ei levetid av storleiksorden 10–10 sekund. Til dømes vil dei lettast hyperona (S+, S0, S–, ?) med berre éin særkvark desintegrere til eit nukleon og eit pi-meson. Eit hyperon kan bindast til ein kjerne ved at han tek plassen til eit nukleon. Slike kjernar blir kalla hyperkjernar.

Kjelder

endre

hyperon. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/hyperon