Hypersalt innsjø

(Omdirigert frå Hypersaltsjø)

Hypersalt innsjø viser til ein saltsjø med særs høg konsentrasjon av salt som natriumklorid, høgare enn sjøvatn som ligg på rundt 3,5 % eller 35 gram per liter. Det høge saltinnhaldet gjev større oppdrift i slike sjøar enn i andre. Det finst hypersalte sjøar i alle verdsdelar, særleg i tørre eller halvtørre regionar.[1]

Assalsjøen i Djibouti er den saltaste innsjøen utanfor Antarktika.

Slike sjøar gjev dårlege levekår til dei fleste organismar, men inneheld særskilde mikroorganismar og krepsdyr som trivst i miljø med høg salinitet.[2] Nokre av desse organismane går inn i ein dvaletilstand om dei blir uttørka. Nokre av desse artane skal ha eksistert i over 250 millionar år.[3]

Den saltaste innsjøen i verda er Don Juan PondAntarktika. Volumet ligg på rundt 3000 m³, men endrar seg stadig. Saliniteten i Don Juan Pond ligg på over 44 %,[4] det vil seia 12 gonger så salt som sjøvatn. Den høge saliniteten gjer at sjøen ikkje frys sjølv i temperaturar under −50 °C.[4] I det kringliggjane området, McMurdo Dry Valleys, finst det fleire store hypersalte sjøar, til dømes Lake Vanda, med ein salinitet på over 35 % (10 gongar saltare enn sjøvatn). Dei er isdekte om vinteren.

Den saltaste sjøen utanfor Antarktis er Assalsjøen i Djibouti,[5] som har ein salinitet på 34,8 % (10 gongar saltare enn sjøvatn). Den best kjende hypersalte innsjøen i verda er truleg Daudehavet (34,2 % salinitet i 2010), som skil Israel og Vestbreidda frå Jordan. Dette er den djupaste hypersalte sjøen i verda. Araruama-sjøen eller -lagunen i Brasil er den største hypersalte sjøen i verda.[6]

Great Salt Lake er ein annan kjend hypersalt sjø som ligg i Utah i USA. Han har ein overflate som er rundt tre gonger så stor som Daudehavet, men er grunnare og har større variasjon i saltinnhaldet. Salinitetet varierer mellom 5 og 27 %, frå like over til 7,7 gonger saltinnhaldet i sjøvatn.[7][8][9]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Shadrin, N.V. (2009). «The Crimean hypersaline lakes: towards development of scientific basis of integrated sustainable management» (PDF). Institute of Biology of the Southern Seas. Arkivert frå originalen (PDF) 20. februar 2015. Henta 20. februar 2015. 
  2. Hammer, Ulrich T. (1986). Saline lake ecosystems of the world. Springer. ISBN 90-6193-535-0. 
  3. Vreeland, R.H.; Rosenzweig, W.D. & Powers, D.W. (2000). «Isolation of a 250 million-year-old halotolerant bacterium from a primary salt crystal». Nature 407 (6806): 897–900. PMID 11057666. doi:10.1038/35038060. 
  4. 4,0 4,1 Marion, G.M. (1997). «A theoretical evaluation of mineral stability in Don Juan Pond, Wright Valley, Victoria Land». Antarctic Science 9: 92–99. doi:10.1017/S0954102097000114. 
  5. Quinn, Joyce A.; Woodward, Susan L., red. (2015). Earth's Landscape: An Encyclopedia of the World's Geographic Features [2 volumes]. ABC-CLIO. s. 9. ISBN 978-1-61069-446-9. 
  6. Goetz, P.W., red. (1986). The New Encyclopaedia Britannica 3 (15th utg.). s. 937. 
  7. Wilkerson, Christine. «Utah's Great Salt Lake and Ancient Lake Bonneville, PI39 – Utah Geological Survey». Geology.utah.gov. Arkivert frå originalen 15. august 2010. Henta 3. august 2010. 
  8. Allred, Ashley; Baxter, Bonnie. «Microbial life in hypersaline environments». Science Education Resource Center at Carleton College. Henta 17. juni 2010. 
  9. Kjeldsen, K.U.; Loy, A.; Jakobsen, T.F.; Thomsen, T.R.; et al. (May 2007). «Diversity of sulfate-reducing bacteria from an extreme hypersaline sediment, Great Salt Lake (Utah)». FEMS Microbiol. Ecol. (U.S. National Library of Medicine, National Institutes of Health) 60 (2): 287–298. PMID 17367515. doi:10.1111/j.1574-6941.2007.00288.x.