Opna hovudmenyen

Don Juan Pond, òg kalla Lake Don Juan, er ei liten og særs grunn hypersaltsjø i vestenden av Wright Valley i Victoria Land i Antarktis, 9 km vest for Lake Vanda. Han ligg mellom Asgard Range i sør og Dais i nord. Ved vestenden er det ei lita elv og ein steinbre. Don Juan Pond er den saltaste innsjøen på jorda med eit saltinnhald på over 40 %.[1][2]

Don Juan Pond
innsjø
DonJuanSTILL.0660 web.jpg
Satellittbilete
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°33′55″S 161°11′26″E
Lengd 300 m
Areal 0,03 km²
Volum 3 000 m³
Type hypersaltsjø
Administrert under Antarktistraktaten
Don Juan Pond is located in Antarktis
Don Juan Pond (Antarktis)
Wikimedia Commons: Don Juan Pond

Don Juan Pond vart oppdaga i 1961. Han vart kalla opp etter dei to helikopterpilotane Don Roe og John Hickey, som flydde helikopteret som frakta den første gruppa som undersøkte tjernet. Under den første utforskinga var temperaturen -30 ºC og vatnet var framleis flytande.

SaltinnhaldEndra

Don Juan Pond er ein grunn, hypersalt innsjø med flat botn. Han er saltare enn Daudehavet og Assalsjøen (det same gjeld Lake Vanda og kanskje andre vatn i McMurdo Dry Valleys). Det er blitt hevda at saltinnhaldet i Don Juan Pond er meir enn 18 gonger saltare enn havet, samanlikna med Daudehavet som er kring åtte gonger saltare. Det er det særs salte vatnet som gjer at innsjøen nesten aldri frys til i sjølv særs kalde forhold.

Dei dominerande iona i saltløysinga er kalsium og klorid. Området kring Don Juan Pond er dekt med salt av natriumklorid og kalsiumklorid som er lagt att når vatnet har fordampa. Arealet og volumet til Don Juan Pond varierer over tid. I følgje dei topografiske karta til USGS frå 1977 var arealet då kring 0,25 km2. I nyare år har innsjøen derimot krympa mykje. Den største djupna i 1993-95 vart skildra som ein fot. I januar 1997 var han kring 10 cm djup og i desember 1998 var han nesten heilt tørr, utanom nokre få titals kvadratmeter. Det meste av vatnet låg i søkk kring store blokker i tjernet.[3]

Den utrekna samansetnaden for vatnet er CaCl2 3,72 mol/kg og NaCl 0,50 mol/kg, ved temperaturen -51,8°C.[1] Det svarar til 413 g av CaCl2 og 29 g av NaCl per kg vatn.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Don Juan Pond» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2014.
  • Yamagata, N., T. Torii, S. Murata. «Report av Japanese summer parties in Dry Valleys, Victoria Land, 1963–65; V – Chemical composition of lake waters». Antarktis Record 29: 53–75. 

BakgrunnsstoffEndra

 
Don Juan Pond ligg nær nedre venstre (sørvest) hjørnet av kartet.