Type I hypersensitivitet
Type I hypersensitivitet er ein allergisk reaksjon som vert utløyst av reeksponering for spesifikke antigen som vert kalla allergen.[1] Type I må ikkje forvekslast med type II, type III eller type IV.
Type I hypersensitivitet | |||
Elektronmikroskopi av ulike typar plantepollen. Pollen er veldig vanlege allergen. | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D006969 |
Eksponering kan vere gjennom inntak, inhalering, injeksjon eller direkte kontakt.
Patofysiologi
endreVed type 1 hypersensitivitet vert eit antigen presentert for CD4+ Th2-celler som er spesfikke for antigenet, og som stimulerar B-celleproduksjon av IgE-antistoff som òg er spesifikke for antigenet. Forskjellen mellom ein normal infeksiøs immunrespons og ein type 1 hypersensitivitetsrespons, er at det involverte antistoffet er IgE i staden for IgA, IgG eller IgM. Ved sensitivisering vil IgE-antistoffa binde seg til Fcε-reseptorar på overflata av mastceller og blodbasofilar.[2] Mastceller og basofilar som er dekte av IgE-antistoff vert «sensitiviserte». Ved seinare eksponering for det same allergenet vil det bundne IgE-antistoffet på sensitiviserte celler krysslenkast, og set dimed i verk ei degranulering, og utskillinga av farmakologisk aktive mediatorar, som til dømes histamin, leukotrien (LTC4 og LTD4) og prostaglandin som verkar på dei omfemnande veva. Dei prinsipielle verknadane av desse produkta er vasodilatasjon og glattmuskelsamantrekking.
Type 1 hypersensitivitet kan vidare delast inn i umiddelbare reaksjonar og seinfasereaksjonar. Den umiddelbare reaksjonen oppstår innan få minutt etter eksponering, og inkluderer utsleppet av vasoaktive amin og lipidemediatorar. Seinfasereaksjonen oppstår etter 2—4 timar, og inkluderer utsleppet av cytokin.[3]
Vasodilatasjon og auka permeabilitet | ||
---|---|---|
Spasmer i glattmusklar |
| |
Leukocyttekstravasasjon |
| |
Med mindre noko anna er spesifisert, så er referansen for denne tabellen:[4] |
Reaksjonen kan vere anten lokal eller systemisk. Symptom varierer frå mild irritasjon til plutseleg død som følgje av anafylaktisk sjokk.
Behandling og prognose
endreBehandlingar plar å vere med adrenalin, antihistamin og kortikosteroidar. Viss heile kroppen er omfamna kan anafylaksi oppstå, og skape ein akutt, systemisk og potensielt dødeleg reaksjon.
Dømer
endreNokre dømer:
- allergisk astma
- allergisk konjunktivitt
- allergisk rhinitt («høysnue»)
- anafylaksi
- angioødem
- urticaria
- eosinofili
- penicillinallergi
- cefalosporinallergi
- matallergi
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Type I hypersensitivity» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2015.
- ↑ Immediate Hypersensitivity Reactions Medscape. Henta 12. januar 2015.
- ↑ «The Adaptive Immune System: Type I Immediate Hypersensitivity». Henta 22. september 2008.
- ↑ Shiv Pillai MD; Abul K. Abbas MBBS; Andrew Wilson PhD (2011). Cellular and Molecular Immunology: with STUDENT CONSULT Online Access. Philadelphia: Saunders. ISBN 1-4377-1528-1.
- ↑ Table 5-2 in:Mitchell, Richard Sheppard; Kumar, Vinay; Abbas, Abul K.; Fausto, Nelson. Robbins Basic Pathology (8 utg.). Philadelphia: Saunders. ISBN 1-4160-2973-7.