Hyrule Warriors er eit actionspel utvikla av Omega Force og Team Ninja og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Wii U i Japan i august 2014, og internasjonalt månaden etter. Spelet er utvikla i samarbeid mellom Koei Tecmo og Nintendo og er ein del av både Nintendo-serien The Legend of Zelda og Koei Tecmo-serien Dynasty Warriors. Det har selt over ein million kopier på Wii U.[1]

Hyrule Warriors
Utviklar(ar)Omega Force
Team Ninja
Utgjevar(ar)Nintendo
Koei Tecmo (Japan)
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Masaki Furusawa
Produsent(ar)Hisashi Koinuma
Yosuke Hayashi
SerieDynasty Warriors, The Legend of Zelda
Plattform(er)Wii U, Nintendo 3DS, Nintendo Switch
UtgjevingWii U
JP: 14. august 2014
EU: 19. september 2014
NA: 26. september 2014
Nintendo 3DS
JP: 21. januar 2016
EU: 24. mars 2016
NA: 25. mars 2016
Nintendo Switch
18. mai 2018
SjangerAction
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 12
Nettstadhttp://zelda.com/hyrule-warriors/, http://www.gamecity.ne.jp/zelda/
Del av serien Dynasty Warriors, The Legend of Zelda
Hyrule Warriors Legends→

Ei utvida utgåve av spelet til Nintendo 3DS med tittelen Hyrule Warriors Legends vart utgjeven i Japan i januar 2016 og internasjonalt i mars 2016. Ei utgåve av spelet til Nintendo Switch, Hyrule Warriors: Definitive Edition, vart utgjeven i Japan i mars 2018 og internasjonalt i mai 2018.[2]

Kjelder endre

  Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.