I'll Go Crazy av James Brown
I'll Go Crazy Singel av James Brown og The Famous Flames | ||
B-side |
I Know It's True (I Found Someone) | |
---|---|---|
Utgjeve | 1960 | |
Sjanger | Rock 'n' roll, R&B, blues | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Federal 12369 | |
Låtskrivar(ar) | James Brown | |
James Brown og The Famous Flames-kronologi | ||
«Got to Cry» (1959) |
I'll Go Crazy | «Think» (1960)
|
«I'll Go Crazy» er ein rhythm and blues-song frå 1960 av James Brown and The Famous Flames.[1] Han nådde 15. plass på R&B-lista til Billboard. Han vart framført av gruppa som den første songen på det særs populære konsertalbumet Live at the Apollo. Songen vert kanskje best hugsa for teksten i mellomspelet:
«You gotta live...
For yourself...
For yourself..and nobody else!»
«I'll Go Crazy» har vorte spelt inn av mange andre artistar, som The Rolling Stones, The Residents, The Moody Blues, The Buckinghams, Chris Isaak, Jerry Garcia og David Grisman, Buddy Guy, The Nighthawks, The Blues Magoos, Tommy Quickly, Graham Bonnet, The Honeycombs på konsert i Tokyo, og Clarence Clemons. Han vart framført av Dan Aykroyd i hyllesta skodespelaren hadde til Brown då han vart innlemma i Kennedy Center Honors i 2003.
Songen vart nytta på Late Show With David Letterman som kjenningsmelodien for «Who Said It?»-innslaget.
Medverkande
endreJames Brown and The Famous Flames: Bobby Byrd, Bobby Bennett, Lloyd Stallworth.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ James Brown 45s Arkivert 2009-07-07 ved Wayback Machine..