The Moody Blues er eit engelsk rockeband. Dei var av dei første som blanda rock med klassisk musikk, mest kjend på albumet deira Days of Future Passed frå 1967.

The Moody Blues

The Moody Blues-konsert i the Chumash Casino Resort i Santa Ynez i California i 2005.
V-H: Justin Hayward, Graeme Edge og John Lodge.
OpphavBirmingham i England
Aktiv1964–1974
1977 til i dag
SjangerProgressiv rock, psykedelisk rock, symfonisk rock, synthpop, R&B
PlateselskapDecca, Deram, Threshold, Polydor, Universal, Ark 21, Eagle, Image
MedlemmerGraeme Edge
John Lodge
Justin Hayward
Tidlegare medlemmerRay Thomas
Michael Pinder
Denny Laine
Clint Warwick
Rodney Clark
Patrick Moraz
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Moody Blues har seld i overkant av 70 millionar album verda over og fått minst 14 platina- og gullplater. Dei er framleis aktive per 2011 med eit medlem frå det originale bandet frå 1964 og to til frå besetninga etter 1967.

Starten endre

Tidlege år, Decca Records 1964-1967 endre

The Moody Blues vart starta 4. mai 1964, i Erdington i Birmingham i England. Ray Thomas, John Lodge og Michael Pinder hadde vore medlemmar av El Riot & the Rebels. Dei vart oppløyste då Lodge, den yngste medlemmen, starta på technical college og Michael Pinder gjekk inn i militæret. Michael Pinder slo seg så saman att med Thomas og danna Krew Cats. Paret tok inn gitarist/vokalist Denny Laine, bandmanager og sidan trommeslagar Graeme Edge, og bassist Clint Warwick. Desse fem spelte som the Moody Blues for første gong i Birmingham i 1964. Namnet utvikla seg fordi dei håpte på å verte sponsa av M&B Brewery, men dette skjedde ikkje. Bandet kalla seg derfor i starten både The M B's og The M B Five, som òg var ein liten referanse til Duke Ellington-songen «Mood Indigo».[1]

Kort tid etter fekk bandet kontrakt med eit London-basert management-selskap, 'Ridgepride', danna av tidlegare Decca-speidar Alex Murray (Alex Wharton), som hjelpte dei å få ein platekontrakt med Decca Records våren 1964. I starten vart dei signert til eit management-selskap som så leigde ut innspelingane deira til Decca. Dei gav ut ein singel, «Steal Your Heart Away», dette året, som ikkje gjekk inn på listene. The Moody Blues spelte på den britiske kult-serien «Ready Steady Go!» og song den livlege B-sida «Lose Your Money (But Don't Lose your Mind)». Men det var den andre singelen deira «Go Now» (som kom ut seinare på året), som verkeleg sette karrieren deira i gang. Dei vart marknadsført på fjernsyn med ein av dei første musikkvideoane i pophistoria laga for dette føremålet, produsert og regissert av Alex Wharton. Singelen vart ein hit i Storbritannia (der han er den einaste førsteplassen deira)[2] og i USA, der han nådde 10. plass. Bandet fekk problemet med managementet sitt etter hitten og dei signerte så for Decca Records i Storbritannia (London Records i USA). Dei gav ut ein EP med fire spor kalla The Moody Blues, med begge sidene av dei to første Decca-singlane deira og eit omslag med fargebilete, tidleg i 1965.

Debutalbumet deira The Magnificent Moodies, produsert av Denny Cordell i ein sterk Merseybeat/R&B-stil, vart gjeven ut på Decca i mono i 1965. Det inneheld hitsingelen i lag med ei side av klassiske R&B-songar. Den andre sida inneheldt fire songar skrivne av Laine/Pinder. «Bye Bye Bird» (Decca AT 15048) vart teken som singel frå albumet i desember 1965 og han nådde tredjeplass i Frankrike.

Alex Wharton forlét management-selskapet og gruppa gav ut fleire singlar som selde heller dårleg. Dei fekk ein mindre hit i Storbritannia med ein cover av «I Don't Want To Go On Without You» (33. plass) i februar 1965, medan Pinder-Laine-songen «From The Bottom of My Heart (I Love You)» (22. plass) produsert av Denny Cordell (med ein korvokalstil som peikte fram mot den meir kjende vokalstilen på «Nights in White Satin») vart gjeven ut som ein britisk singel i mai 1965. Andre britiske singlar var «Everyday» (44. plass) i oktober 1965, ein annan song av Pinder-Laine, og den seinare «This is My House (But Nobody Calls)» (Decca F 12498,1966) og «Boulevard de la Madeleine», som kom ut seint i 1966.

I juni 1966 forlét Warwick gruppa. Han vart ein kort periode erstatta av Rod Clark (fødd Rodney Clark, 23. november 1942), men i oktober forlét han gruppa, som tok ein månad pause. Denny Laine gav seg seint i 1966, og ein siste singel med den første besetninga, «Life's Not Life», var gjeven ut i januar 1967 (Decca F 12543) med «He Can Win» som B-side.

Hayward og Lodge kjem inn i bandet endre

Gruppa oppstod på ny i november 1966 med dei nye medlemmane John Lodge, bassisten deira frå El Riot, og Justin Hayward, tidlegare frå The Wilde Three. Hayward vart anbefalt til Pinder av Eric Burdon frå The Animals, noko som vart støtta av den britiske songaren Marty Wilde, leiaren i The Wilde Three. Pinder ringde Hayward etter å ha lese søknaden hans, og vart imponert då Hayward spelte han singelen «London Is Behind Me» under bilturen deira for å møte dei andre medlemmane i Esher.

Etter dårlege økonomiske tilhøve og ein konfrontasjon med eit medlem av publikum, forstod bandet raskt at stilen deira med amerikanske bluescoverversjonar ikkje fungerte for dei, og dei avgjorde å berre spele sine eigne songar. Bandet vart introduserte for Decca-produsent Tony Clarke, som produserte ei innspeling der Justin Hayward sin «Fly Me High» og Mike Pinder sin «Really Haven't Got the Time» (Decca F12607) vart spelte inn. Desse to vart den første singelen til den andre besetninga av bandet, gjeven ut i mai 1967. Singelen vart spelt på radio og fekk god kritikk, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. Singelen gav derimot hint om kva retning musikken deira utvikla seg i. Den nye stilen, med symfoniske lydar frå Pinder sin Mellotron, vart først introdusert på Pinder-songen «Love And Beauty» (Decca F 12670) som vart gjeven ut som ein singel med ein rockesong av Hayward, «Leave This Man Alone» i september 1967. Heller ikkje denne vart ein hit i Storbritannia, men etablerte den nye stilretninga deira. Ray Thomas hadde tidlegare spelt fløyte på «I've Got A Dream» på debutalbumet deira, men vart nytta stadig meir frametter når dei no starta å ta inn ein meir psykedelisk stil, som seinare vart utvikla til eit konseptalbum om ein vanleg dag i livet til ein vanleg mann.

Deram Records, Threshold Records, 1967-1972 endre

The Moody Blues-kontrakten med Decca Records var i ferd med å gå ut og dei skulda selskapet fleire tusen pounds i forskot. Dei hadde derimot støtte hos Decca sin A&R-manager Hugh Mendl, som hadde vore viktig i den nyoppretta etiketten til London/Decca, Deram Records. Med støtte frå Mendl fekk The Moody Blues eit tilbod om å lage ein rock and roll-versjon av Antonín Dvořák sin Ny verd-symfoni som skulle hjelpe fram det nye lydformatet til selskapet, Deramic Stereo Sound (DSS)[3] mot at dei sletta gjelda til bandet.

The Moody Blues gjekk med på dette, men dei insisterte på at dei fekk full kunstnarisk kontroll over prosjektet, og Hugh Mendl (som leiande produsent) klarte å gje dei dette trass i jarnhanda Decca var kjend for å ha over artistane sine.[4] Gruppa klarte ikkje å fullføre prosjektet, som vart skrinlagd. Dei klarte derimot å overtyde Peter Knight, som hadde fått i oppgåve å arrangere og dirigere orkestermellomspel, om å samarbeide med bandet på ei plate der dei nytta dei originale songane til bandet i staden for.

Sjølv om sjefane i Deram i starten var skeptisk til denne hybridstilen som vart det nye konseptsalbumet,[3] vart Days of Future Passed (utgjeve november 1967) eit av dei mest populære pop/rock-albuma som kom ut i denne perioden. Det selde til gullplate og nådde 27. plass på den britiske albumlista. Fem år seinare nådde det 3. plass på den amerikanske Billboard-lista. Albumet var ein songsyklus eller eit konseptalbum som (som James Joyce sin Ulysses) fann stad i løpet av ein enkelt dag. I produksjonen og arrangementa henta dei inspirasjon frå den banebrytande bruken av klassiske instrument av The Beatles som Pinder hadde introdusert Mellotronen for det året. Det tok forma til nye høgder ved hjelp av London Festival Orchestra,[5] klassiske musikarar som var laust tilknytte Decca og som fekk eit oppdikta namn med «London» i for at det skulle høyrast imponerande ut. Dei gav albumet ein orkesteraktig struktur til songar Moody Blues alt hadde skrive og framført, i tillegg til overturar og avslutningar på albumet. Strykarar vart lagt til på albumversjonen av Hayward sin «Nights in White Satin» (som ikkje var på singelversjonen), og det same vart gjort med Pinder sin «The Sun Set». Orkesteret og gruppa spelte faktisk aldri i lag samstundeds på innspelinga. Trass i at albumet var eit fyldig konseptalbum, vart det spelt inn på ein særs handverksmessig måte, der bandet spelte inn ein song, som vart presentert for Peter Knight, som då komponerte ein høvande overgang som vart spelt inn med Decca-musikarane ('London Festival Orchestra'). Albumet var nesten i like stor grad eit originalt verk av Knight sjølv, som av gruppa.

Den faste produsenten til Decca, Tony Clarke produserte albumet, og heldt fram samarbeidet med bandet. Tilhengjarar av bandet kallar han stundom «The Sixth Moodie», «den sjette medlemmen», og han produserte alle albuma og singlane deira dei neste elleve åra. Lydteknikar Derek Varnals medverka òg stort i forminga av den tidlege studiostilen til bandet, og arbeidde med Pinder og Clarke for å lage ein meir symfonisk overlappande lyd på mellotronen slik at han ikkje slutta like brått som instrumentet normalt gjorde. Pinder hadde tidlegare arbeidd for selskapet som laga mellotronen.

Albumet og dei to singlane «Nights in White Satin» og «Tuesday Afternoon» (som ein medley med «Forever Afternoon», skriven som «Forever Afternoon (Tuesday?)» på albumet), vart særs populære.

I 1968 følgde dei opp med albumet In Search of the Lost Chord med songen «Legend of a Mind», ein song skriven av Ray Thomas som ei hyllest til LSD -guru Timothy Leary med ein fløytesolo av Thomas - fire medlemmar av bandet hadde teke LSD i lag i byrjinga av 1967. Det vart laga promo-film for songen, filma ved Groot-Bijgaarden slott nær Brussel i Belgia. Lodge skreiv ein song i to delar, «House of Four Doors», på kvar side av dette episke Thomas-stykket. Justin Hayward byrja å spele sitar og nytta dette instrumentet på albumet, inspirert av George Harrison. Hayward sin «Voices in The Sky» vart gjeven ut på singel og nådde 27. plass i Storbritannia, medan Lodge-singelen «Ride my See Saw» nådde 42. plass i Storbritannia og 15. plass i Frankrike. Denne songen vert framleis nytta som avslutningsnummer på konsertane deira. Singelen inneheldt ein song av Pinder, «The Best Way To Travel», som ikkje vart gjeven ut på album. Graeme Edge fekk ei viktig sekundærrolle i bandet som diktar, og nokre av dei tidlegare albuma deira frå slutten av 60-åra starta med forskjellige bandmedlemmar som les dikt av Edge. Dikta hadde tema knytt til tekstane i songane som følgde. Edge sjølv las det korte diktet sitt «Departure» på «Lost Chord».

On the Threshold of a Dream kom ut i 1969. Hayward sin «Never Comes The Day» vart gjeven ut som singel i Storbritannia.

Musikken til bandet vart meir kompleks og symfonisk med mykje klang på vokalspora, noko som var tydeleg på To Our Children's Children's Children frå 1969, eit konseptalbum inspirert av den første månelandinga. Albumet avsluttar med «Watching and Waiting», skriven av Ray Thomas og Justin Hayward og sungen av Hayward. Denne songen vart gjeven ut som singel på etiketten Threshold, men gjekk ikkje inn på lista.

Sjølv om bandet no hadde definert ein noko psykedelisk og var med på å definere progressiv rock (då òg kjend som «kunstrock»), valde gruppa å spele inn eit album dei kunne spele på konsertar, og gjekk bort frå den noko overlessa stilen på A Question of Balance (1970). Dette albumet nådde 3. plass på USA og gjekk heilt til topps i Storbritannia. Hayward sin «Question» (i ein alternativ versjon), vart gjeven ut som ein singel og nådde andreplassen i Storbritannia. Justin Hayward starta ein kunstnarisk utforsking av gitarlyden sin og brukte mange effektpedalar og fuzz-boksar, og utvikla for seg sjølv ein særs melodisk, summande gitarsolo-lyd. The Moody Blues var på denne tida eit særs populært band og dei spelte to gonger på dei kjende «Isle of Wight Festivals» (ein DVD med konserten deira i 1970 er gjeven ut). Pinder sin «Melancholy Man», som nådde førsteplassen i Frankrike, var òg på albumet.

På dei neste to albuma, Every Good Boy Deserves Favour (1971) med singelen «The Story in Your Eyes» som nådde 23. plass i USA, og Seventh Sojourn (1972) (som nådde førsteplassen i USA), gjekk bandet til den meir kjende orkesterstilen, som var vanskeleg å reprodusere på konsertar, men som hadde vorte kjennemerket deira. Tittelen «Every Good Boy Deserves Favour» var lånt med glimt i auget frå ein hugseregel for notar som dannar linjene i G-nøkkelen: EGBDF. Opningssongen «Procession» var den einaste songen deira som var skriven av alle fem medlemmane.

To Lodge-songar, «Isn't Life Strange ?» (13. plass) og «I'm Just a Singer (in a Rock 'n' Roll Band)» (36. plass) var singlar frå Seventh Sojourn og nådde begge singellista i Storbritannia. På albumet nytta òg Pinder det nye Chamberlain-instrumentet i staden for Mellotron, og Edge nytta ei elektronisk tromme.

Seint i 1972 vart den fem år gamle «Nights in White Satin» gjeven ut på ny og vart den største hitten deira i USA. Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og selde over ein million eksemplar. Han gjekk òg inn att på listene i Storbritannia og nådde 9. plass der, ti plassar høgare enn originalen i 1967.

Threshold Records endre

The Moody Blues var òg eit av dei første banda med ideen om at eit suksessrikt rockeband kunne promotere seg sjølv med sitt eige plateselskap, og følgde ideen til Beatles, som lagde Apple Records. Etter On the Threshold of a Dream i 1969, skapte dei Threshold Records, som delvis kom av ein krangel med London/Deram om kostnaden av plateomslag. Threshold produserte nye album og gav dei til London/Decca som fungerte som distributørar. Gruppa prøvde å byggje Threshold til eit stort selskap med å utvikle nye talent — mellom anna det britiske hardrockbandet Trapeze og den klassiske-akustiske sekstetten Providence — men forsøka var mislukka og bandet gjekk etter kvart attende til meir tradisjonelle platekontraktar. Dei la derimot grunnlaget for andre store grupper som sette opp liknande personlege selskap og distribusjonavtalar, som The Rolling Stones og Led Zeppelin.

Pause og soloarbeid, 1974-1976 endre

Våren 1974, etter ein omfattande verdsturne som enda med ein turné i Asia, tok gruppa ein lang pause, fordi enkelte av bandmedlemmane følte seg utslitne og overskugga (i følgje Hayward sjølv i den siste utgåva av magasinet Higher & Higher i 2006). Sjølv om bandet typisk hadde hatt fire solovokalistar med Hayward som den fremste gitaristen og vokalisten, var det Pinder som vart rekna som hovudansvarleg for den symfoniske stilen deira, arrangementa og den totale omgrepsmessige retninga.

I 1974 overvaka bandet samlealbumet This Is The Moody Blues som kom ut det året.

Hayward og Lodge gav ue teit album i lag, det populære Blue Jays (1975), med singelen «Blue Guitar», som nådde 8. plass. Albumet var tilskriven Hayward & Lodge, men Hayward hadde berre med seg 10cc som akkompagnement. Medlemmane gav så ut fleire soloalbum mot slutten av 70-åra.

Gjenforeining, 1977–1990 endre

 
Besetninga 1978-91. H-V: Patrick Moraz, Ray Thomas, Graeme Edge, Justin Hayward og John Lodge

I 1977 valde gruppa å gå saman att og spele inn eit nytt album. London Records valde å gje ut eit dårleg miksa, åtte år gammalt konsertopptak frå Royal Albert Hall, mot bandet sitt ønske. På denne tida hadde Pinder gifta seg og starta ein familie i California, så for innspelinga drog bandet til USA med produsent Clarke. Innspelingane var prega av spenning og usemje. Først var det brann i studiodet dei nytta, og dei flytta inn i heimestudioet til Pinder. Dette vart så råka av eit jordras etter eit kraftig regnvêr, og dette førte til at spenninga auka. Pinder gav seg heilt med prosjektet før det var ferdig.

Produsent Tony Clark vart òg tvungen til å forlate innspelinga av ikkje-musikalske årsaker, før albumet var ferdig, men våren 1978 kom Octave ut. Pinder, som ønskte å ta seg av familien sin, ønskte ikkje å legge ut på turné, noko som førte til bitterheit hos resten av bandet.

I denne perioden hadde progrockbandet Yes bede tangentspelaren deira, Patrick Moraz, om å dra, og han prøvespelte med The Moody Blues i England i 1978. Han vart hyrt inn på tangentinstrument for verdsturneen for Octave som starta i Tyskland i oktober. Trass i desse vanskane, selde albumet bra og gav hittande «Steppin' in a Slide Zone», (39. plass i USA) skriven av Lodge, og «Driftwood», (59. plass i USA) skriven av Hayward. Musikkvideoen produsert for «Driftwood» har med Moraz, sjølv om Mike Pinder spelte på den faktiske innspelinga. Videoen for «Steppin' in a Slide Zone» syner berre dei fire andre medlemmane utan Pinder. Kring denne tida då turneen heldt på, fekk Justin Hayward ein solohit med songen «Forever Autumn», som nådde 5. plassen i Storbritannia. Denne kom frå albumet Jeff Wayne's Musical Version of The War of the Worlds.

Bandet turnerte USA og Europa det meste av 1979. I 1980 var dei klare til å gå i studio igjen, denne gongen med produsent Pip Williams. Moraz vart teken inn som permanent tangentspelar i bandet, sjølv om Pinder opphavleg hadde forstått det slik at han framleis skulle spele inn musikk med bandet, sjølv om han ikkje turnerte. Pinder prøvde å gå til retten for å hindre at Moody Blues spelte inn album utan han, men klarte det ikkje, og kom faktisk aldri attende til bandet. Albumet Long Distance Voyager, som kom ut i 1981, var ein stor suksess og nådde toppen av Billboard-lista i USA og inn på topp 5 i Storbritannia. Albumet inneheldt to hittar, «The Voice», (15. plass i USA) skriven av Hayward, og «Gemini Dream», (12. plass i USA) skriven av Hayward og Lodge.

The Present kom i 1983, igjen produsert av Williams, men var ikkje like populært som føregangaren. Det inneheldt ein britisk hitsingel, «Blue World», som nådde 35. plass i Storbritannia og 62. plass i USA. Songen «Sitting at the Wheel» nådde topp 40-lista i USA. Det vart laga videoar for begge singlane.

I 1986 fekk dei ny suksess med albumet The Other Side of Life og særleg songen «Your Wildest Dreams» gjorde det bra med ein Topp 10-plassering i USA (og 1. plass på Billboard's Adult Contemporary-singelliste). Videoen vart mykje vist på MTV og gav dei ein pris for årets video frå Billboard. Produsent var Tony Visconti og Barry Radman, ein synthprogrammerar som tidlegare vart hyrt av Moraz. Tittelsongen på albumet gjekk opp til 58. plass i USA. Dei fekk mange nye, yngre tilhengjarar, i tillegg til at mange av dei gamle tilhengjarane vart verande lojale, sjølv om dei rekna bandet som meir kommersialisert.

The Moodies heldt fram suksessen med albumet Sur La Mer (1988) og ein ny hit med «I Know You're Out There Somewhere» (30. plass i USA, 52. plass i Storbritannia, 2. plass på amerikanske Mainstream Rock-lista). Stilen deira vart stadig meir syntetisk og teknisk då Moraz og Visconti byrja å nytte moderne sekvensar, samplarar og trommemaskinar. På denne tida skreiv Justin Hayward og John Lodge dei fleste songane.

1990-åra til i dag endre

Bandet hadde byrja å forsterke konsertlyden sin i 1986 då dei hyrte inn ein ekstra tangentspelar (Bias Boshell var den første, erstatta i 1987 av Guy Allison før Boshell kom attende i 1990), samt kvinnelege korsongarar..

I 1991, halvvegs gjennom innspelinga av det nye studioalbumet deira, vart Patrick Moraz sagt opp, då han brukte for lite tid med bandet og hadde vore kritiske til bandet i eit magasin. Boshell, og ein ny tangentspelar, Paul Bliss, vart teken inn for å fullføre det nye albumet.

Albumet Keys of the Kingdom (1991) selde berre moderat.

Gruppa heldt framleis konsertar for store publikum og ei rekkje video- og audioversjonar på Night at Red Rocks i 1992, selde godt. Paul Bluss har spelt tangentinstrument med bandet sidan konsertane sidan 1991 og fram til mars 2010.

Frå 1991 til 1998 tok gruppa ein pause frå innspelinga, men spelte mange konsertar i lag med orkester. I 1999 gav dei ut albumet Strange Times, som vart det første albumet deira på nesten tjue år som berre fekk middels kritikk av britane. Det vart spelt inn i Recco i Italia, og produsert av bandet sjølv. Albumet inneheldt tangentinstrument og arrangement frå den italienske musikaren Danilo Madonia, som har arbeidd i studio med bandet sidan. I 1999 deltok The Moody Blues i ein episode av The Simpsons, kalla «Viva Ned Flanders».

I 2000 gav bandet ut Hall of Fame, eit nytt konsertalbum frå Royal Albert Hall, som òg vart gjeven ut på DVD. Dette var den siste turneen Boshell spelte. Han forlét konsertversjonen av bandet i 2001. Bliss tok då over som leiande tangentspelar, medan Bernie Barlow tok over som andre tangentspelar.

I 2001 kom IMAX-filmen Journey into Amazing Caves, med to nye songar skrivne og framførte av the Moody Blues. Elles på filmmusikken syng og spelar Justin Hayward.

 
Hayward og Lodge i 2007

The Moody Blues turnerte mindre i 2000-åra. Mot slutten av 2002 gav Ray Thomas, som hadde vore med frå starten, seg i bandet, og bandet hadde vorte ein trio med Hayward, Lodge og Edge. Sistnemnde var den einaste originale medlemmen i bandet. Fløytist og rytmegitarist Norda Mullen vart hyrt inn i bandet tidleg året etter for ein nordamerikansk turne og har vore med bandet sidan. Mot slutten av 2003 gav dei ut eit julealbum kalla December. Songen inneheld originale songar og fire coverversjonar, som John Lennon «Happy Xmas (War Is Over)»; Mike Batt sin «A Winter's Tale», «When A Child is Born» og «White Christmas».

I mars 2006 vart dei første fem albuma frå Days of Future Passed og frametter gjevne ut i SACD-format i deluxe-utgåver. I 2007 kom eit dobbelt samlealbum med innspelingar frå BBC, forskjellige fjernsynsframferder og tidlegare «tapte» framføringar, kalla Live at the BBC: 1967-1970.[6][7]

 
The Moody Blues-konsert i Chumash Casino Resort i Santa Ynez i California i 2005.
V-H: Justin Hayward, Graeme Edge og John Lodge

Bandet spelar framleis konsertar og turnerte USA, Canada og Storbritannia frå 2006 til 2010. I 2010 spelte Alan Hewitt tangentinstrument med bandet.

Bandmedlemmar endre


1964 - 1966

1966

1966 - 1978
  • Graeme Edge - trommer, perkusjon, vokal
  • John Lodge - bass, gitar, vokal
  • Justin Hayward - gitar, vokal
  • Ray Thomas - vokal, fløyte, perkusjon, munnspel
  • Mike Pinder - tangentinstrument, vokal


1978 - 1990
  • Graeme Edge - trommer, perkusjon
  • John Lodge - bass, gitar, vokal
  • Justin Hayward - gitar, vokal
  • Ray Thomas - vokal, fløyte, perkusjon, munnspel
  • Patrick Moraz - tangentinstrument

1990 - 2002
  • Graeme Edge - trommer, perkusjon
  • John Lodge - bass, gitar, vokal
  • Justin Hayward - gitar, vokal
  • Ray Thomas - vokal, fløyte, perkusjon, munnspel

2002 - Present
  • Graeme Edge - trommer, perkusjon
  • John Lodge - bass, gitar, vokal
  • Justin Hayward - gitar, vokal

Andre medlemmar
Noverande
  • Gordon Marshall - trommer, perkusjon (sidan 1991)
  • Norda Mullen - fløyte, gitar, perkusjon, vokal (sidan 2003)
  • Julie Ragins - tangentinstrument, perkusjon, vokal (2006-2009; sidan 2010)
  • Alan Hewitt - tangentinstrument, vokal (sidan 2010)
Tidlegare
  • Guy Allison - tangentinstrument (1987 - 1990)
  • Bias Boshell - tangentinstrument (1986; 1990-2001)
  • Janis Liebhart - korvokal (1986–1987)
  • Wendy McKenzie - korvokal (1986–1987)
  • Shaun Murphy - korvokal (1988–1990)
  • Naomi Starr - korvokal (1988–1990)
  • Paul Bliss - tangentinstrument, gitar (1990-2010)
  • Bekka Bramlett - korvokal (1990)
  • Terry Wood - korvokal (1990)
  • June Boyce - korvokal (1991–1993)
  • Susan Shattock - korvokal (1991–2000)
  • Tracy Graham - korvokal (1993–2001)
  • Bernie Barlow - tangentinstrument, perkusjon, vokal (2001-2006; 2009-2010)

Diskografi endre

Studioalbum

Æresprisar endre

The Moody Blues er medlem av Vocal Group Hall of Fame.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre