I'll Remember You

I'll Remember You
Song av Kui Lee
frå albumet The Extraordinary Kui Lee
Utgjeve 1966
Komponist Kui Lee
Låtskrivar(ar) Kui Lee
I'll Remember You
Song av Don Ho
frå albumet The Don Ho Show!
Utgjeve 1965
Selskap Reprise
Komponist Kui Lee
I'll Remember You
Song av Elvis Presley
frå albumet Spinout
Utgjeve 1966
Innspelt 1966
Komponist Kui Lee
Produsent Felton Jarvis

«I'll Remember You» er ein song skriven av Kui Lee i 1964. Mange artistar, inkludert Elvis Presley (1966), Andy Williams, Tony Bennett, Herb Alpert og Roger Williams, har spelt inn songen, og han vart framført av Tommy Sands i 1968 Hawaii Five-O-episoden «No Blue Skies». Den kanskje mest kjende versjonen vart framført av venen til Lee, Don Ho.[1]

Dottera til Frank Sinatra, Nancy Sinatra, vitja nattklubben Honey's med nokre vener. Der høyrde ho Don Ho framføre songen, og fortalte om artisten til faren, som nettopp hadde starta sitt eige plateselskap. Don Ho og musikarane hans spelte inn den første plata for Reprise Records året etter: «Tiny Bubbles» og «I'll Remember You» på andre sida.

Innspelingar endre

Kjelder endre

  1. Enomoto, Catherine Kekoa. «Kui Lee: 'One of the all-time geniuses of Hawaii.'» Honolulu Star-Bulletin. May 15, 1997