International Association of Lighthouse Authorities

internasjonal organisasjon
(Omdirigert frå IALA)

International Association of Lighthouse Authorities, forkorta IALA, er ein ikkje-profiterande organisasjon som vart skipa i 1957 for å ta vare på og å føre over nautisk ekspertise mellom medlemmer og å gje råd. IALA søker å la medlemslanda samarbeide for å få til mest mogleg einsarta navigasjonssystem verda over. Hovudkontoret for organisasjonen ligg i Saint-Germain-en-Laye, Frankrike.

International Association of Lighthouse Authorities
Skipa1957
HovudkontorSaint-Germain-en-Laye
Nettstadhttps://www.iala-aism.org/ Sjå dette på Wikidata

IALA er først og fremst kjent for bøye- og sjømerkesystemet som vert nytta til å lose skipsfarten og for utviklinga av det automatiske identifikasjonssystemet, AIS.

Medlemmer endre

Organisasjonen har om lag 200 medlemmer av tre ulike kategoriar:

  • nasjonale medlemmer, Afrika har 16 medlemmer, Amerika 15 medlemmer, Asia 23 medlemmer, Oseania 3 og Europa 28, deriblant Noreg som er representert med Kystverket
  • vitskaplege institusjonar, tenesteytarar med ansvar for navigasjon som hamnevesen i store hamner
  • materialfabrikantar, leverandørar og rådgjevarar i navigasjonshjelpemiddel

Arbeid endre

Det er sett ned fem permanente tekniske komitéar som kvar har to årlege møte. Komitéane dannar ryggraden i arbeidet innanfor IALA og dei er delt inn etter fagområde:

  • ingeniørmessige og miljømessige sider ved utvikling av navigasjonshjelpemiddel (bøyer, fjernkontroll, straumforsyning og anna), bevaring og dokumentasjon av utgåtte hjelpemiddel
  • elektronisk navigasjon, automatisk identifikasjonssystem AIS
  • hjelpemiddel for navigasjonsleiing
  • radionavigasjon, landbaserte og satellittbaserte navigasjonssystem (radarar og GNSS)
  • sjøtrafikktenester, drift av trafikksentralar

Kystverket har medlemmer i alle komitéar.

Kvart fjerde år samlar medlemmene seg i ein konferanse. I 2008 var denne konferansen helden i Bergen.

Kjelder endre