IC 2545
IC 2545 eller AM 1003-333 er eit par av kolliderande galaksar som ligg rundt 450 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Luftpumpa. Systemet har to tydelege tidevassarmar av gass og stjerner slengde ut frå sentralregionen. Den eine tidevassarmen inneheld fleire blåe stjernehopar. IC 2545 gløder sterkt i det infraraude, noko som i tillegg til tidevassarmane er eit teikn på at det er snakk om to kolliderande galaksar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-16 frå Space Telescope Science Institute.