iPhone 5

iPhone 5 er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den sjette generasjonen iPhone og etterfølgjaren til iPhone 4 og iPhone 4S. Telefonen vart formelt avduka den 12. september 2012 under ein pressekonferanse og lansert på marknaden i utvalde land den 21. september 2012.[1] iPhone 5 var den første iPhone-modellen som vart annonsert i september, og markerte starten på denne trenden for påfølgjande iPhone-avdukingar, var den første iPhonen som var utvikla under rettleiing av Tim Cook og den siste modellen under tilsyn av Steve Jobs. Designen i iPhone 5 vart brukt tre gonger, først i 2012, deretter med iPhone 5S i 2013 og til slutt med den første generasjonen iPhone SE i 2016. Telefonen hadde ein skjerm på 4 tommar og vart utgjeven om lag ti månader etter bortgangen til Steve Jobs.

iPhone 5
IPhone 5.png
iPhone 5 i svart
ProdusentApple
Lansert
2. november 2012
9. november 2012
7. desember 2012
OperativsystemiOS
Minne1 GB LPDDR2-1066 RAM
Lagring16, 32 eller 64 GB
Batteri3,8 V, 5,45 W·h (1440 mA·h)
Lithium-ion-batteri
StorleikHøgd: 123,8 mm
Breidd: 58,6 mm
Djupn: 7,6 mm
Vekt112 g

iPhone 5 introduserte fleire designendringar i høve iPhone 4S. Endringane inkluderte ei aluminiumsbasert innfatning som var tynnare og lettare enn tidlegare modellar, ein høgare skjerm med eit storleikshøve på nesten 16:9, Apple A6-prosessoren, LTE-støtte og Lightning, ein ny kompakt utgang som erstatta 30-pins-utgangen brukt i tidlegare iPhone-modellar. Telefonen var den andre iPhone-modellen som brukte eit Sony-produsert kamera på 8 megapikslar, som først vart introdusert i iPhone 4S.

Apple starta med førehandsbestillingar på telefonen den 14. september 2012 og fekk inn over to millionar bestillingar innan det første døgnet. Etterspurnaden overgjekk tilgangen på iPhone 5-telefonar ved lanseringa den 21. september og vart av Apple skildra som «ekstraordinær», med førehandbestillingar som har seld over tjue gonger raskare enn dei tidlegare iPhone-modellane. Medan mottakinga av iPhone 5 generelt var positiv, merkte forbrukarar og omtalarar problem med maskinvara, til dømes ein utilsikta lilla fargetone i tekne bilete og at belegget rundt telefonen var utsett for avskaling. Avgjerda til Apple om å endra ladeutgangen fekk òg blanda mottaking, ettersom endringa påverka kompatibiliteten med ekstrautstyr som var kompatible med tidlegare modellar.

Salet av iPhone 5 vart offisielt avvikla av Apple den 10. september 2013 samtidig med kunngjeringa av nye modellar, iPhone 5S og iPhone 5C. Telefonen har såleis den nest kortaste levetida av nokon iPhone med berre tolv månader i produksjon, og bryt med standardpraksisen til Apple med å selja ein eksisterande iPhone-modell til redusert pris ved utgjevinga av ein ny modell. Berre iPhone X har hatt kortare tid i produksjon. Telefonen vart erstatta med ein modell i mellomsjiktet, iPhone 5C, med nesten identiske spesifikasjonar og ei billigare innfatning i polykarbonat. iPhone 5 støtter operativsystema iOS 6 til og med iOS 10, men ikkje 11 og nyare på grunn av avviklinga av stønad for einingar med 32-bits-prosessorar. Han er den andre iPhonen som støtter fem hovudversjonar av iOS, etter iPhone 4S.

HistorikkEndra

 
iPhone 5 vart avduka under ein pressekonferanse ved Yerba Buena Center for the Arts den 12. september 2012.

Rykta om iPhone 5 starta kort tid etter kunngjeringa av iPhone 4S, sjølv om detaljerte lekkasjar ikkje dukka opp før i juni 2012.[2] Den 30. juli 2012 peikte rapportar på datoar iPhone 5 ville presenterast og lanserast, saman med nokre nøyaktige spådommar om funksjonane.[3] Den 4. september 2012 kunngjorde Apple at dei ville vera vertskap for eit arrangement på Yerba Buena Center for the Arts i San Francisco den 12. september 2012. Ein skugge av 5-talet vart vist i invitasjonane som vart sende til media, noko som tydde på at den neste iPhone-modellen ville avdukast på arrangementet.[4]

Ved avdukinga annonserte Apple iPhone 5 og introduserte også nye iPod Nano- og iPod Touch-modellar. Selskapet uttalte òg at dett ville akseptera førehandsbestillingar frå 14. september 2012.[5] Over to millionar førehandsbestillingar vart mottekne innan 24 timar.[6] Etterspurnaden etter den nye telefonen overgjekk rekorden som vart sett av forgjengaren, iPhone 4S, ved å selja over 5 millionar einingar innan dei tre første dagane.[7]

Salet av iPhone 5 vart offisielt avvikla av Apple den 10. september 2013, med kunngjeringa av etterfølgjarane iPhone 5S og iPhone 5C. Medan 5C delte nesten den same interne maskinvara som iPhone 5, brukte 5C eit billigare plastdeksel i polykarbonat i staden for den originale aluminiumsforma til 5. Introduksjonen av 5C avveik frå den tidlegare marknadsstrategien til Apple, der den førre iPhone-modellen ville halda fram å produserast, men seld til ein lågare pris enn den nye modellen.[8]

Den 28. april 2014 starta Apple eit tilbakekallingsprogram utanfor garantien for å erstatta eventuelle sviktande straumknappar på iPhone 5-modellar som vart produserte før mars 2013 utan kostnad.[9] Den 23. august 2014 annonserte Apple eit program for å erstatta batteri til iPhone 5-modellar som «plutseleg kan oppleva kortare batterilevetid eller må ladast oftare» som vart selde mellom september 2012 og januar 2013.[10][11]

ProduksjonEndra

Komponentane og arbeidskrafta som krevst for å konstruera den mest grunnleggjande iPhone 5 var rekna til å kosta 207 US-dollar, som er 19 US-dollar meir enn kostnadene for komponentane for den tilsvarande iPhone 4S-modellen. LTE-modulen i iPhone 5 åleine kosta 34 dollar, 10 meir enn mobilmodulen i iPhone 4S. Tilsvarande kosta skjermane som var brukte i iPhone 5 44 US-dollar, som er 7 dollar meir enn skjermen til forgjengaren. Nettstaden Mashable uttalte at fortenestemarginen for Apple var «enorm» ettersom iPhone 5 vart seld for 649 US-dollar.[12][13]

Etter kunngjeringa av iPhone 5 var det tydelege teikn på forsyningsmangel. Dette kom av mangel på komponentar, som skjermen i telefonen. Det dukka opp rapportar som hevda at Sharp ikkje var i stand til å senda ut skjermen før lanseringa til iPhone 5, og andre produsentar rapporterte at det var vanskeleg å halda tritt med etterspurnaden. Som eit resultat auka talet på førehandbestillingar på grunn av uvissa om lagerbehaldninga i butikkar, og leveringsdatoane for førehandbestillingar vart utsette til datoar etter den opphavlege utgjevingsdatoen for telefonen.[14]

FunksjonarEndra

Operativsystem og programvareEndra

iPhone 5 nyttar iOS, det mobile operativsystemet til Apple.[15] Brukargrensesnittet til iOS er basert på konseptet direkte manipulasjon, ved hjelp av multi-touch-rørsler. Grensesnittkontrollelement består brytarar, knappar og glidebrytarar.[16] Interaksjonen med operativsystemet inkluderer rørsler som sveip, trykk, klyp og omvend klyping, som alle har spesifikke definisjonar innanfor konteksten av iOS-operativsystemet og multi-touch-grensesnittet i det. Interne akselerometer er nytta av nokre applikasjonar for å reagera på å rista eininga (eitt vanleg utfall er angre-kommandoen) eller rotera henne vertikalt (som regel for å bytta frå ståande til liggande modus).[16] iPhone 5 er levert med iOS 6, som vart utgjeve 19. september 2012.[15]

iPhone 5 kan spela av musikk, filmar, TV-seriar, e-bøker, lydbøker og podcastar og kan sortera mediebiblioteket etter songar, artistar, album, videoar, spelelister, sjangrar, komponistar, podcastar, lydbøker og samlingar. Alternativ er alltid presenterte alfabetisk, bortsett frå i spelelister, som held på rekkefølgda frå iTunes.[17] Brukarar kan rotera eininga horisontalt til liggande modus for å få tilgang til Cover Flow. Som på iTunes viser denne funksjonen dei ulike albumomslaga i eit biletbibliotek som kan rullast gjennom. Rulling gjer ein ved å sveipa ein finger over skjermen. Alternativt kan headsetkontrollane brukast til å pausa, spela av, hoppa over og gjenta spor. På iPhone 5 kan volumet endrast med dei medfølgande Apple Earphones, og stemmekontrollfunksjonen kan brukast til å identifisera eit spor, spela av songar i ei speleliste eller av ein bestemt artist, eller laga ei Genius-speleliste.[17]

I likskap med iPhone 4S har iPhone 5 Siri,[17] som lèt brukaren betena iPhone med talte kommandoar. Programvara vart forbetra i iOS 6 for å inkludera at brukaren kan laga restaurantreservasjonar, lansera apper, diktera Facebook- eller Twitter-oppdateringar, henta filmomtalar og detaljert sportsstatistikk.[18]

DesignEndra

Apple la vekt på den forbetra byggekvaliteten til iPhone 5 på pressearrangementet.[5] Ramma som vart brukt i tidlegare versjonar vart redesigna for å bruka ei komposittramme av aluminium.[19] iPhone 4 og iPhone 4S brukte rustfritt stål i staden for aluminium på grunn av preferansen til Steve Jobs for metallet som han meinte, «ser vakkert ut når det tærast».[20]

iPhone 5 er 18 % tynnare, 20 % lettare og har 12 % mindre totalvolum enn forgjengaren, iPhone 4S.[21] Aluminiuminnfatninga til telefonen er 0,30 tommar (7,6 mm) tjukk. På konferansen i september 2012 hevda Apple at han var den tynnaste smarttelefonen i verda på 7,6 mm, sjølv om påstanden vart omstridd då den kinesiske Oppo Finder var tynnare og nokon andre smarttelefonar kunne reknast å vera tynnare, avhengig av kvar tjukna er målt. Oppo Finder målte 6,65 mm (0,262 tommar) på det tynnaste punktet og 7,1 mm (0,28 tommar) på det tjukkaste punktet, som gjer den totalt sett tynnare enn iPhone.[22][23][24][25]

Designen i iPhone 5 vart brukt tre gonger, først med iPhone 5 i 2012, deretter med 5S i 2013, og til slutt med første generasjon iPhone SE i 2016.

MaskinvareEndra

 
Apple A6-prosessoren

iPhone 5 bruker ein system-on-chip (SoC), kalla Apple A6.[26][27][28] SoC-en har ein 1,3 GHz to-kjerne-prosessor, 1 GB RAM og ein tre-kjerne PowerVR SGX543MP4 som køyrer ved 266 MHz.[29][30] Operativminnet til iPhone 5 (LPDDR2-1066 eDRAM) vart dobla, frå 512 MB til 1 GB. Dei tilgjengelege lagringskapasitetane for telefonen er bundne til 16, 32 eller 64 GB, dei same som for 4S; plug-in minnekort er ikkje støtta.[31] Dei to fargealternativa er svart (med svart glas og skiferfarga metallkant), og kvit (med kvit keramikk og sølvfarga metallkant); igjen dei same fargealternativa (men annleis implementert) som forgjengaren 4S hadde.[32] iPhone 5 har same bakkamera på 8 megapikslar som på iPhone 4S, men har forbetra yting i lite lys, og har 40 % raskare biletfangst[33] enn forgjengarane, samtidig som telefonen har ein lilla fargetone når ei sterk lyskjelde er på biletet.[34] Frontkameraet, som er tilgjengeleg via FaceTime og kameraappen, har ei lågare oppløysning, på 1,2 megapikslar. Det oppladbare litium-ion-batteriet med ein ladekapasitet på 1440mAh[35] er innebygd og kan ikkje erstattast av brukaren; det er vurdert til ≤225 timar standbytid og ≤8 timar taletid. Det er tre separate modellar av telefonen tilgjengeleg: ein som støtter CDMA og to GSM-versjonar.[36][37] Telefonen har rom for eitt nano-SIM-kort, som er mindre enn mikro-SIM-kortet brukt i iPhone 4 og iPhone 4S.[38]

Maskinvaretestar utførte ved hjelp av Geekbench og GLBenchmark validerer fleire av påstandane som Apple la ut på nettstaden til selskapet og hevda ved avdukinga av telefonen, som to gonger raskare og to gonger grafikkytinga. I den samla maskinvarevurderinga til Geekbench fekk iPhone 5 ein poengsum som var omtrent 2,5 gonger høgare enn iPhone 4S. Referansemålinga utført med GLBenchmark for iPhone 5 gav ein poengsum som var 2 gonger betre enn iPhone 4S. Resultatet var likevel inkonsekvent ettersom ei 3D-grafikkvurdering ved bruk av Passmark gav ein poengsum som berre var omtrent 1,45 gonger betre enn iPhone 4S.[39][40] Batterilevetidsvurderingar utførte av AnandTech konkluderte med at batterilevetida er kortare på iPhone 5 enn forgjengaren når ein utfører visse oppgåver, men under andre oppgåver viser iPhone 5-batteriet seg å halda ut lengre enn det i iPhone 4S.[41]

Retina-skjermen er på 1 136 × 640 pikslar med eit sidehøve på nesten nøyaktig 16:9 (minus ein ekstra rad med horisontale pikslar). Med ein diagonal på 4 tommar har telefonen ein skjermstorleik på 6,7 kvadrattommar, samanlikna med 5,7 i iPhone 4 og 4S. [42] Pikseltettleiken er framleis den same som 4S-modellen, som er 326 pikslar per tomme. Skjermikon for iPhone 5 er ordna i ei matrise med seks radar med fire ikon i kvar. Den auka skjermstorleiken gjev rom for ein sjette rad med ikon oppå dei fem radene som var for iPhone 4 og 4S. Ny peikeskjerm-teknologi frå Sharp lèt telefonen ha ein slankare skjerm, som gjev ein tynnare telefon i høve tidlegare modellar. Fargemetninga i skjermen er 44% større en forgjengaren.[43] Telefonen har tre mikrofonar (plasserte på framsida, sida og baksida) brukt til støydemping og videosamtalar.[44]

Den 28. april 2014 starta Apple eit tilbakekallingsprogram utanfor garantien for å erstatta eventuelle sviktande straumknapper på iPhone 5-modellar som vart produserte før mars 2013 utan kostnad for forbrukaren.[9]

Den 23. august 2014 annonserte Apple eit program for å erstatta batteri til iPhone 5-modellar som «plutseleg kan oppleva kortare batterilevetid eller må ladast oftare» som vart selde mellom september 2012 og januar 2013.[10][11]

EkstrautstyrEndra

 
Apple Lightning-kontakten

iPhone 5, i tillegg til iPod Touch (5. generasjon), iPod Nano (7. generasjon), iPad (4. generasjon) og iPad Mini har ein ny utgang kalla Lightning, som erstattar den tidlegare 30-pinnar-Apple Dock-kontakten som vart introdusert i 2003 av Apple på iPod (3. generasjon). Apple Lightning-kontakten har åtte pinnar og all signalering er digital. Denne nye kontakten er mindre enn den førre, og bidreg til å gjera iPhone 5 slankare enn forgjengarane.[45] Apple Lightning-kablar har dupliserte pinnar på to sider av kvar plugg, slik at dei kan settast inn begge vegar. Ulike ekstrautstyr har vore tilgjengelege for å konvertera Apple Lightning-kontakten til den eldre 30-pinnar-Apple Dock-kontakten eller USB,[46] sjølv om ikkje alt gamalt utstyr ville fungere, sidan ikke alle signala er tilgjengelege, særleg videoutgang og iPod Out-funksjonen for BMW-bilar.[47][48][49]

Øyretelefonar kjende som Apple EarPods er inkluderte med iPhone 5 og andre einingar som vart annonserte på mediearrangementet til Apple 12. september 2012. Dei erstatta øyretelefonane som følgde med tidlegare generasjonar iPhonar og iPodar.[50] Ifølge teknologikommentatorar er redesignen av øyretelefonane retta mot å betra lydkvaliteten ved å la lufta bevega seg inn og ut meir fritt.[51][52] Apple uttalte at redesignen av øyretelefonane deira gjer det mogeleg å «konkurrera med avanserte hovudtelefonar som kostar hundrevis av dollar meir».[51] Omtalar frå Gizmodo og TechRadar rapporterte at sjølv om dei redesigna øyretelefonane lyda betre enn dei førre, meinte omtalarar at kvaliteten på lyden som vert produsert er låg.[53]

MottakingEndra

Kritisk mottakingEndra

 
Samanlikning mellom 30-pinnar-utgangen til iPhone 4S (øvst) og Lightning-utgangen til iPhone 5 (nedst)

iPhone 5 fekk hovudsakleg positive omtalar frå kommentatorar og kritikarar. Tim Stevens frå Engadget roste iPhone 5 for den høgoppløyselege skjermen som overgår den til iPhone 4S, som han rekna for å vera ein av dei beste telefonskjermane tilgjengelege på marknaden. Stevens var kritisk til den nye utgangen, som er inkompatibel med einingar og kablar som bruker den erstatta 30-pins-utgangen, sjølv om LA Times skreiv at dette var ei naudsynt endring for å gjera eininga mindre enn forgjengaren.[45] Engadget var samd i at Apple oppfylte dei fleste løfta som vart opplyst om på nettstaden, til dømes «betre batteriyting», «dobla grafikkyting» og «to gonger raskare».[54] David Pogue i The New York Times såg på 4-tommar-Retina-skjermen som ei «fin, men ikkje livsendrande forandring», og roste Lightning-utgangen for storleiken og å vera robust og reversibel, samtidig som han påpeikte mangelen på stønad for eldre ekstrautstyr, og merkte at «Apple har ei lang historie med å avvikla teknologiar, gjerne tungvint og dyrt, som forbrukarar hadde lært seg å elska.»[55] Teknologispaltisten Ed Baig i USA Today var imponert over at Apple med iPhone 5 hadde møtt dei «høge forventningane» frå publikum 5 i ein konkurranseutsett marknad.[56] I ein gjennomgang av reparasjonsevna fann iFixit iPhone 5 som enklare å demontera og reparera enn forgjengaren.[35][57]

Wired rapporterte at iPhone 5-designen, som var vidareført i iPhone 5S og førstegenerasjons iPhone SE, var lenge rekna som «yndlingen innan Apple-telefondesign og ein målestokk for telefonar generelt», medan den etterfølgjande iPhone 6/6S-designen vart mindre kritikarrost då han «kjentest litt feil, som om ein held på eit glatt såpestykke til 650 US-dollar». Wired skildra iPhone 5 som «eleganse forankra i måten aluminium og glass fungerer saman på. Han kjentest straumlinjeforma, men likevel solid, som er ulikt frå iPhone 6, som kjennest bastant ut berre i storleik. Dessutan, i motsetnad til dei avrunda hjørna på 6-aren som ein finn overalt, såg iPhone 5 eigentleg ikkje ut som noko anna på marknaden på den tida». Designen til iPhone 5 var likevel ikkje eigna til å skalerast opp, i motsetnad til iPhone 6/6S som betre kunne koma den aukande forbrukartrenden med større skjermstorleikar i møte og gav rom for 6/6S Plus-phablet-modellane.[58][59]

Kommersiell mottakingEndra

Techcrunch rapporterte at iPhone 5 vart utseld tjue gonger raskare enn 4- og 4S-modellane. Apple sa at dei vart «mållause av kunderesponsen».[60] Phil Schiller, visepresident i Apple for global marknadsføring, sa at over to millionar iPhone 5-bestillingar hadde vorte mottekne innan dei første 24 timane.[61][62] AT&T sa at iPhone 5 var den raskast seljande iPhonen selskapet nokon gong hadde tilbydd, og selde over fem millionar einingar i lanseringshelga og overgjekk tilgangen.[63][64][65] Utgjevinga og salet av iPhone 5 har også bremsa veksten av Android ifølgje marknadsdelsrapportar utgjevne av Kantar Worldpanel ComTech.[66] I laupet av dei første 16 dagane etter den første utgjevinga utgjorde iPhone 5 over 20 % av alle telefonar som vart selde i den perioden.[67]

Sjefsøkonomen i J.P. Morgan, Michael Feroli, sa at «salet av iPhone 5 kan auka den årlege BNP-veksten i USA med 3,2 milliardar, eller 12,8 milliardar i årleg rate.»[68] Kort tid etter kunngjeringa av iPhone 5 og før lanseringa steig aksjekursen til Apple opp til rekordhøge $705,07,[69] men fall i laupet av tre månader til $507,48.[70] Ifølgje analysen til Eric Savitz var ikkje aksjenedgangen til Apple og dei resulterande tapa eit resultat av noko problem med den nye Maps-applikasjonen, men skuffa investorar. Han peiker på innleiande maskinvaresal på berre fem millionar, samanlikna med kalkylar opp til det dobbelte, som hovudårsaka.[71]

Sidan lanseringa av iPhone 5 har rabattar på tidlegare generasjonar av iPhone gjort det mogeleg for Apple å oppretthalda ein marknadsleiande posisjon i USA og Japan, men iPhone heldt fram å ligga bak det samla talet Android-telefonar på den globale marknaden.[72]

KjelderEndra

  1. «Apple har avduket iPhone 5». Digi.no. 12. september 2012. Henta 3. august 2022. 
  2. German, Kent; La, Lynn (11. september 2012). «iPhone 5 rumor roundup». CNET. Henta 13. september 2012. 
  3. Whitney, Lance (30. juli 2012). «Apple reportedly to unveil iPhone 5, iPad Mini on Sept. 12». CNET. Henta 13. september 2012. 
  4. Lowensohn, Josh (4. september 2012). «Apple's September 12 invite hints at iPhone 5». CNET. Henta 13. september 2012. 
  5. 5,0 5,1 Apple Special Event September 2012. Apple Inc.. 2012-09-12. 
  6. Fingas, Jon (17. september 2012). «iPhone 5 pre-orders crack 2 million in first 24 hours». Engadget. Henta 17. september 2012. 
  7. Graham, Jefferson (24. september 2012). «Apple: Weekend sales top 5 million for iPhone 5». USA Today. Arkivert frå originalen 2012-10-11. Henta 26. oktober 2012. 
  8. «Apple discontinues iPhone 5, iPhone 4s will remain available». IBN Live. 11. september 2013. Arkivert frå originalen 2013-09-12. Henta 11. september 2013. 
  9. 9,0 9,1 «iPhone 5 Sleep/Wake Button Replacement Program». Apple. 28. april 2014. Arkivert frå originalen 2017-02-04. Henta 15. september 2014. 
  10. 10,0 10,1 «iPhone 5 Battery Replacement Program». Apple. 23. august 2014. Arkivert frå originalen 2017-02-20. Henta 15. september 2014. 
  11. 11,0 11,1 Andrew Cunningham (23. august 2014). «Apple announces battery replacement program for the iPhone 5». Ars Technica. Henta 15. september 2014. 
  12. Fiegerman, Seth (19. september 2012). «The 16 GB iPhone 5 Costs Apple $207 to Build». Mashable. Henta 7. oktober 2012. 
  13. Andrew Rassweiler (18. september 2012). «iPhone 5 Carries $199 BOM, Virtual Teardown Reveals». iSuppli. Henta 11. november 2012. 
  14. Owens, Jeremy (25. september 2012). «iPhone 5 screen shortage causing Apple production delays, analysts report; stock falls». San Jose Mercury News. Henta 7. oktober 2012. 
  15. 15,0 15,1 Friedman, Lex (15. september 2012). «Weekly Wrap: The new iPhone 5, new iTunes, new iPods, and iOS 6». Macworld. Mac Publishing. Henta 15. september 2012. 
  16. 16,0 16,1 «iPhone User Guide» (PDF). Apple Inc. 28. januar 2013. Henta 29. oktober 2020. 
  17. 17,0 17,1 17,2 «Apple – iPhone 5 – Hear your favorite music everywhere you go.». Apple Inc. 12. september 2012. Henta 15. september 2012. 
  18. Peckham, Matt (12. september 2012). «Apple iOS 6 Here Next Week, iTunes Update Today, New iTunes in October». Time. Henta 19. september 2012. 
  19. Manjoo, Farhad (8. oktober 2012). «The iPhone 5 Is a Miracle». Slate. Henta 15. oktober 2012. 
  20. Steven Levy (29. november 2011). «The Revolution According to Steve Jobs». Wired. Henta 15. september 2014. 
  21. «Apple – iPhone 5 – Learn about what it took to make iPhone 5.». Apple. Arkivert frå originalen 2012-09-17. Henta 15. september 2014. 
  22. Dahl, Cecelia (13. september 2012). «iPhone 5 "World's Thinnest Phone"... What Planet's Apple From?!». Auto Mobile. Arkivert frå originalen 2014-03-07. Henta 14. september 2012. 
  23. «New iPhone 5 'the thinnest smartphone in the world'». 13. september 2012. Henta 14. september 2012. 
  24. McCann, John (13. september 2012). «iPhone 5 'world's thinnest smartphone' claim in dispute». Tech Radar. Arkivert frå originalen 2012-09-15. Henta 13. september 2012. 
  25. «World's Thinnest Smartphone from China: OPPO Finder». micgadget. 24. mai 2012. Henta 15. september 2014. 
  26. Savov, Vlad (September 12, 2012). «Apple announces 4-inch iPhone 5 with LTE, Apple Lightning connector, September 21 release date». The Verge (Vox Media). Henta 12. september 2012. 
  27. Anand Lal Shimpi (15. september 2012). «iPhone 5's A6 SoC: Not A15 or A9, a Custom Apple Core Instead». AnandTech. Henta 11. oktober 2012. 
  28. O'Brien, Terrence (202-09-12). «iPhone 5 officially announced with 4-inch display, A6 CPU and LTE for $199 on September 21». Engadget. Henta 12. september 2012. 
  29. Lal Shimpi, Anand (21. september 2012). «Apple A6 Die Revealed: 3-core GPU, < 100mm^2». Anandtech. Henta 24. oktober 2012. 
  30. Humphries, Matthew (28. september 2012). «iPhone 5 A6 chip clocked at 1.3GHz». Geek.com. Arkivert frå originalen 2012-09-30. Henta 4. oktober 2012. 
  31. «iPhone 5 manual». 
  32. Tanous, Jim (16. september 2012). «iPhone 5 A6 Has 1 GB RAM, 33% Faster Bandwidth than iPhone 4s». The Mac Observer. Henta 16. september 2012. 
  33. Cheredar, Tom (12. september 2012). «The iPhone 5's badass camera: 40% faster photo capture, panorama mode, & more». VentureBeat. Henta 27. september 2012. 
  34. «iPhone 5 users complain about purple photos». CNN. 2. oktober 2012. Henta 1. januar 2013. 
  35. 35,0 35,1 «iPhone 5 Teardown». iFixit. Henta 24. oktober 2012. 
  36. Chang, Alexandria (13. september 2012). «Why Apple Made Three iPhone 5 Models and What That Means For You». Wired. Henta 26. desember 2012. 
  37. «Apple iPhone 5 Tech Specs». Apple Inc. 12. september 2012. Arkivert frå originalen 2012-09-17. Henta 13. september 2012. 
  38. Fingas, Jon (12. september 2012). «iPhone 5 confirmed to use nano-SIM, current SIMs not compatible». Engadget. Henta 13. september 2012. 
  39. Schmerer, Kai (19. oktober 2012). «Benchmarking the iPhone 5». ZDNet. Henta 21. oktober 2012. 
  40. Lal Shimpi, Anand (21. september 2012). «The iPhone 5 Performance Preview». Anandtech. Henta 21. oktober 2012. 
  41. Lal Shimpi, Anand, Klug, Brian and Gowri, Vivek (16. oktober 2012). «The iPhone 5 Review / Battery». Anandtech. Henta 21. oktober 2012. 
  42. Wolverton, Troy (24. september 2012). «Report: Bigger size of iPhone 5′s screen least impressive thing about it». SiliconBeat. Arkivert frå originalen 2012-09-26. Henta 25. september 2012. 
  43. D. O'Grady, Jason (14. september 2012). «An analysis of Apple's new iPhone 5 display». ZDNet. Henta 24. oktober 2012. 
  44. McGlaun, Shane (12. september 2012). «iPhone 5 comes equipped with three microphones». SlashGear. Henta 27. desember 2012. 
  45. 45,0 45,1 Rodriguez, Salvador; Chang, Andrea (13. september 2012). «Change in Apple iPhone 5 dock connector irks consumers». Los Angeles Times. Henta 23. oktober 2012. 
  46. «Apple iPhone 5 features». Apple Inc. 12. september 2012. Henta 13. september 2012. 
  47. McGlaun, Shane (13. september 2012). «iPhone 5 won't work with some accessories even with Apple Lightning adapter». SlashGear. Henta 13. september 2012. 
  48. Goldman, David (13. september 2012). «Apple's $30 Lightning adapter won't work with old speakers». CNN. Henta 13. september 2012. 
  49. Lavrinc, Damon (14. september 2012). «Apple Lightning Adaptor Kills iPod Out on BMW, Mini Models». Wired. Henta 21. september 2012. 
  50. Gilbert, Jason (13. september 2012). «Apple's Old Headphones Are Getting The Heave-Ho, And That's More Exciting Than The iPhone 5». The Huffington Post. Henta 24. oktober 2012. 
  51. 51,0 51,1 Gilbert, Ben (12. september 2012). «Apple's signature earbuds rebranded for iPhone 5 as 'EarPods'». Engadget. Henta 24. oktober 2012. 
  52. «Apple EarPods review». TechRadar. 15. september 2012. Henta 24. oktober 2012. 
  53. Aguilar, Mario (14. desember 2012). «Apple EarPods Review: Better! (But Still Garbage)». Gizmodo. Henta 24. oktober 2012. 
  54. Stevens, Tim (18. september 2012). «iPhone 5 review». Engadget. Henta 19. september 2012. 
  55. David Pogue (18. september 2012). «The iPhone 5 Scores Well, With a Quibble». The New York Times. Henta 19. september 2012. 
  56. Baig, Ed (18. september 2012). «Review: Apple iPhone 5 in front of the smartphone pack». USA Today (Gannett Company). Henta 22. september 2012. 
  57. «iPhone 4s Teardown». iFixit. Henta 4. oktober 2012. 
  58. Spence, Ewan. «iPhone SE Reviews: Apple's Strange Case Of Jekyll And Hyde». Forbes. Henta 9. januar 2017. 
  59. Stinson, Liz. «With the iPhone SE, Apple Returns to a Masterpiece of Design». Henta 9. januar 2017. 
  60. Gallagher, Billy (14. september 2012). «iPhone 5 Pre-Order Sells Out 20X Faster Than 4 And 4s, Further Highlighting Apple's Dominance». TechCrunch. Henta 16. september 2012. 
  61. «Pre-Orders Top Two Million in First 24 Hours» (Press release). Apple Inc.. 2012-09-17. https://www.apple.com/pr/library/2012/09/17iPhone-5-Pre-Orders-Top-Two-Million-in-First-24-Hours.html. Henta 2015-03-09. 
  62. «iPhone 5 delivery delays as orders top 2m in 24 hours». News Limited. Agence France-Presse (AFP). 17. september 2012. Arkivert frå originalen 2012-09-18. Henta 17. september 2012. 
  63. «iPhone 5 First Weekend Sales Top Five Million» (Press release). Apple Inc.. 2012-09-24. https://www.apple.com/pr/library/2012/09/24iPhone-5-First-Weekend-Sales-Top-Five-Million.html. Henta 2015-03-09. 
  64. Smith, Jake (17. september 2012). «AT&T announces record iPhone pre-orders, company's fastest selling Apple device ever». 9to5Mac. Henta 18. september 2012. 
  65. Stern, Joanna (24. september 2012). «iPhone 5 Hits 5M in Sales in Opening Weekend». ABC News. Henta 27. september 2012. 
  66. Lomas, Natasha (30. oktober 2012). «Kantar: Apple iPhone 5 Slows Android's Growth In U.S., U.K. — But Android Continues To Expand Marketshare Across Europe, To 67.1%». TechCrunch. Henta 6. november 2012. 
  67. «iQmetrix Releases Smartphone Sales Stats Since iPhone 5 Launch». iQmetrix. Arkivert frå originalen 2014-02-28. Henta 22. februar 2014. 
  68. Tripathi, Shruti; Griffith, Gabriella (12. september 2012). «iPhone 5 rumours revealed». London Loves Business. Arkivert frå originalen 2012-09-14. Henta 13. september 2012. 
  69. Etherington, Darrell (17. september 2012). «Apple Stock Crosses $700 Per Share After Hours On The Strength Of iPhone 5». TechCrunch. Henta 8. januar 2013. 
  70. Epstein, Zach (28. desember 2012). «APPLE TUMBLES TO 10-MONTH CLOSING LOW». Boy Genius Report. Henta 8. januar 2013. 
  71. Savitz, Eric (1. oktober 2012). «Bad Math: Apple's Map Issue Is Not A '$30 Billion Fiasco'». Forbes. Henta 7. oktober 2012. 
  72. Leach, Anna (22. januar 2013). «iPhone hangs on in US, Japan, but everyone else bought an Android». The Register. Henta 23. januar 2013. 

BakgrunnsstoffEndra