iPhone 7
iPhone 7 og iPhone 7 Plus er smarttelefonar designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Dei utgjer den tiande generasjonen iPhone-telefonar og vart annonserte 7. september 2016, i Bill Graham Civic Auditorium in San Francisco av administrerande direktør Tim Cook, og utgjevne i utvalde land den 16. september 2016, som etterfølgjarar til iPhone 6S og iPhone 6S Plus. Apple heldt fram med å lansere telefonen i andre land verda over ut september og oktober 2016. Telefonane vart etterfølgde av iPhone 8 og iPhone 8 Plus den 22. september 2017.
iPhone 7 iPhone 7 Plus | |||
| |||
iPhone 7 i fargen «Jet Black» | |||
Produsent | Apple | ||
---|---|---|---|
Operativsystem | iOS | ||
Minne | 7: 2 GB LPDDR4 RAM 7 Plus: 3 GB LPDDR4 RAM | ||
Lagring | 32, 128 eller 256 GB | ||
Batteri | 7: 3,80 V 7,45 W·h (1960 mA·h) Li-ion 7 Plus: 3,82 V 11,10 W·h (2900 mA·h) Li-ion | ||
Storleik | 7: Høgd: 138,3 mm Breidd: 67,1 mm Djupn: 7,1 mm 7 Plus Høgd: 158,2 mm Breidd: 77,9 mm Djupn: 7,3 mm | ||
Vekt | 7: 138 g 7 Plus: 188 g |
iPhone 7 har ein liknande design som iPhone 6S og iPhone 6. Ytre endringar som vart introduserte var nye fargevariantar, motstand mot vatn og støv, ein ny kapasitiv og statisk «heim»-knapp, reviderte antenneband og fjerning av 3,5 mm-jackpluggen. Den interne maskinvaren fekk oppgraderingar som ny prosessor, oppgradert kamera og ei ekstra linse eksklusivt for iPhone 7 Plus for betre optiske zoomefunksjonar.
Telefonane fekk blanda mottaking. Fjerninga av utgangen for øyrepluggar og hovudtelefonar var kontroversiell, og nokre kritikarar meinte at endringa var gjort for å fremje lisensiering av den proprietære Lightning-utgangen og sal av Apple sine eigne trådlause høyretelefonar.[1][2] Apple var òg håna av kritikarar for utsegna til Phil Schiller om at ei slik drastisk endring «kravde mot».[3]
Kjelder
endre- ↑ «iPhone 7 Vs iPhone 7 Plus Review: Should You Upgrade?». Forbes. 21. september 2016. Henta 6. november 2019.
- ↑ «Er vi virkelig klare for å droppe lydutgangen?». DinSide. 29. september 2016. Henta 22. juli 2019.
- ↑ «Apple says it took 'courage' to remove the headphone jack on the iPhone 7». The Verge. 7. september 2016. Henta 22. juli 2019.