Apple Inc.

(Omdirigert frå Apple)
«Apple» omdirigerer hit. For plateselskapet, sjå Apple Records.

Apple Inc. er eit amerikansk fleirnasjonalt selskap basert i Cupertino, California. Selskapet er ein produsent av forbrukarelektronikk, programvare og personlege datamaskiner. Det vart grunnlagt i 1976 av Steve Jobs og Steve Wozniak. Apple er særleg kjent for Mac-linja av datamaskiner, iPod (musikkspelar), iPhone (smarttelefon) og iPad (nettbrett), og har utvikla operativsystema OS X (for Mac) og iOS (for iPhone/iPod Touch/iPad/Apple TV). Selskapet er også utviklar av programvare som iTunes (multimedia), Aperture (bilderedigering) og Final Cut Studio (film- og lydproduksjon).

Apple Inc.


Org.formAllmenaksjeselskap
BransjeDatamaskinar
Programvare
Elektroniske varer
Skipa1. april 1976
EigarBlackRock
HovudkontorApple Park, 1 Apple Park Way,
Cupertino, California, USA
LandUSA
Produkt
Tenester
Grunnleggjar(ar)Steve Wozniak, Ronald Wayne,[1][2] Steve Jobs[2]
Adm.dir.Tim Cook (24. august 2011)[3]
Tilsette17 787 på heiltid
2 399 mellombels
Salsinntekter114 301 000 000 USA-dollar (2023)[4]
Omsetnad114 301 000 000 USA-dollar (2023)[4]
Resultat96 995 000 000 USA-dollar (2023)[4]
Marknadsverdi2 470 000 000 000 USA-dollar (24. august 2021)[5]
Nettstadwww.apple.no

Apple er eit av dei største børsnoterte selskapa i verda. Selskapet hadde ei omsetjing på 108 milliardar amerikanske dollar og over 60 000 tilsette i 2011. Apple har ei butikkjede med 364 butikkar i 13 land (i tillegg til nettbutikk). Tim Cook vart utnemnd til CEO (administrerande direktør) i 2011. Selskapet er utnemnt av Fortune Magazine som det mest vørda selskapet i verda 2008-12. Selskapet har teke imot kritikk for den forretningsmessige praksisen sin, deriblant for arbeidskåra til arbeidarane ved Foxconn-fabrikkane i Taiwan, der mange av produkta frå Apple blir produserte.[6]

Historie endre

 
Apple I i eit heimelaga kabinett av tre.

Den fyrste maskina, Apple I, var konstruert av Steve Wozniak. Maskina var handlaga av Wozniak og var klar for sal i juli 1976 til ein pris av US$ 666.66. Det vart produsert rundt 200 maskinar av denne typen. Året etter følgde den innebygde Apple II med tastatur og fargeskjerm, som vart ein stor suksess, og Apple vart i 1980 omdanna til aksjeselskap med raskt stigande aksjekursar. Apple III frå 1980 og Apple Lisa frå 1983, den siste med mus og grafisk brukargrensesnitt, vart ingen stor suksess, men i 1984 kom Apple Macintosh, også med mus og grafisk brukargrensesnitt. Denne bruksmåten vart ikkje vanleg blant såkalla industristandard-PCar (med prosessor frå Intel og operativsystem frå Microsoft) før tidleg i 1990-åra. Etter indre konfliktar og skuffande omsetjing forlét både Wozniak og Jobs selskapet i 1985.[6]

«Mac»-en vart gradvis forbetra og vann etter kvart eit solid fotfeste innan grafisk bransje og høgre utdanning. I midten av 1990-åra var Apple eit av dei tre største merka av personlege datamaskiner, med IBM og Compaq som vesentlege konkurrentar. Likevel tapte selskapet pengar, og fleire tusen tilsette miste jobben. 1997 kom Jobs tilbake til Apple som konsulent, og han overtok etter kvart leiinga i selskapet og gav det eit heilt nytt image. I 1998 vart modellen iMac lansert, med ny og innovativ design. Den berbare versjonen iBook kom i 1999, og operativsystemet Mac OS X i 2000.

Produksjon endre

Mykje av produksjonen av produkta til Apple vert utført av andre føretak, som Foxconn, Inventec og Pegatron, der dei tilsette arbeider under svært dårlege tilhøve[7][8][9].

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre