I Am What I Am av Emma Muscat

song frå 2022 med Emma Muscat
«I Am What I Am»
Song av Emma Muscat

Land Malta
Språk Engelsk
Utgjeve 14. mars 2022
Sjanger Pop
Lengd 03:02
Selskap Warner Records
Låtskrivar(ar) Dino Medanhodzic, Emma Muscat, Julie Aagaard, Stine Kinck

«I Am What I Am» (norsk omsetjing 'eg er det eg er') er ein popsong frå 2022 med den maltesiske artisten Emma Muscat. Songen var det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 14. mars 2022.

Om songen

endre

«I Am What I Am» var det maltesiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Songen vart skriven av Dino Medanhodzic, Emma Muscat og dei danske låtskrivarane Julie Aagaard og Stine Kinck. Medanhodzic har produsert den.

Emma Muscat vann retten til å representere Malta i Eurovision Song Contest, då ho i februar 2022 vann den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2022TVM. Ho vann tevlinga med songen «Out of Sight» med 92 poeng.[1][2]

Men etter sigeren vart «Out of Sight» erstatta av «I Am What I Am», og det nye bidraget vart offentleggjort 14. mars 2022.[3] Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai, og enda der som nummer 16 av 18 bidrag. Sidan songen ikkje vart blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[4]

Kjelder

endre
  1. minn Andrea Rossitto. «Emma Muscat tirbaħ il-Malta Eurovision Song Contest». TVMnews.mt (på engelsk). Henta 21. februar 2022. 
  2. Diacono, Tim (19. februar 2022). «Breaking: Emma Muscat Wins Malta Eurovision Song Contest». Lovin Malta (på engelsk). Henta 21. februar 2022. 
  3. «🇲🇹 Malta: Emma Muscat Confirms "I Am What I Am" As New Eurovision 2022 Entry». Eurovoix (på engelsk). 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  4. «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.