Det er den maltesiske allmennkringkastaren PBS som sender Eurovision Song Contest på Malta, og som vel artisten og songen som skal representere landet i Eurovision Song Contest. Malta debuterte i konkurransen i 1971 med songen «Marija L-Maltija», framført på maltesisk av Joe Grech. Malta fekk ein svak start i tevlinga, med sisteplass på sine to første forsøk, i 1971 og 1972. Landet heldt seg borte frå konkurransen dei to neste åra, og kom tilbake i 1975. Det året enda Malta på 12. plass av 19 deltakande land. Malta skulle òg ha delteke i 1974 og 1976, men trekte seg frå tevlinga av ukjende årsaker.[2]
Landet hadde ein pause på heile 16 år. Malta forsøkte å få deltake i 1990, men Den europeiske kringkastingsunionen hadde sett ei øvre grense på 22 deltakande land. Året etter valde Nederland å stå over tevlinga, og dimed vart det plass til Malta.[2][3] Returen vart ein suksess, og Malta enda opp blant dei ti beste åtte år på rad. I 1998 var Malta nær ved å vinna, men vart slått på målstreken av Israel og Storbritannia. Også i 2002 var Malta nær ved å vinna, men måtte gje tapt for Latvia då dei siste poenga kom inn. Malta fekk ein ny andreplass i 2005.
Etter 2005 har Malta hatt liten suksess i Eurovision Song Contest. Maltas tredje sisteplass kom i 2006, og dei fem påfølgjande åra kvalifiserte Malta seg til finalen berre éin gong. Etter 2012 har Malta kvalifisert seg til finalen kvart år, med unntak av 2015 og 2017 . Åttendeplassen i 2013 er Maltas beste plassering dei siste ti åra.[1]
Malta er det mest suksessrike landet som framleis ikkje har vunne Eurovision Song Contest. Det er også eit av landa som har flest deltakingar utan ein siger; berre Kypros har delteke fleire gonger utan å vinna per 2022.[4]
Sidan engelsk er eit av dei offisielle språka på Malta, har Malta hatt føremonen av å synga på engelsk. Berre to gonger, i 1971 og 1972, har Malta sunge på maltesisk. I 2000 inneheldt songen «Desire» tre linjer på maltesisk.[1]