I Wish It Would Rain Down
I Wish It Would Rain Down Singel av Phil Collins frå albumet ...But Seriously | ||
B-side |
«Homeless», «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. januar 1990 (Storbritannia) | |
Innspelt | 1989 | |
Sjanger | pop | |
Lengd | 5:27 | |
Selskap | WEA | |
Låtskrivar(ar) | Phil Collins | |
Produsent | Phil Collins, Hugh Padgham | |
Phil Collins-kronologi | ||
«Another Day in Paradise» (1989) |
I Wish It Would Rain Down | «Something Happened on the Way to Heaven» (1990)
|
«I Wish It Would Rain Down» er ein song av Phil Collins frå albumet …But Seriously frå 1989 med Eric Clapton på gitar. Songen var òg eit steg til sida for dance-pop-stilen til No Jacket Required. Songen var ein stor hitt i mange land, inkludert Canada der han gjekk heilt til topps.
Innspeling
endreCollins fekk med seg Eric Clapton på gitar. Collins fortalte sjølv, «Eg sa 'Eric, har eg aldri bede deg spele? Kom igjen, eg har ein song som er i di gate her.'»[1] Collins følte det var så nær han nokon gong hadde kome å skrive ein bluessong.[1] Collins følte òg at det var ein Clapton-song.[1]
Musikkvideo
endreDen 8:30 minuttar lange musikkvideoen i svartkvit var regissert av James Yukich, og inneheld ein 2:30 minuttar langs del med skodespel før musikken startar. Settingen var eit teater i 1940- eller 1950-åra. Skodespelaren Jeffrey Tambor spelar ein hyperkritisk, misnøgd teaterregissør. Han øvar med nokre dansarar (som dansar til gitar/bassriffet frå songen «Sunshine of Your Love» av bandet Cream, der Eric Clapton spelar gitar.)
Innhald
endre- CD maxi
- «I Wish It Would Rain Down»
- «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
- «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»
- 7" single
- «I Wish It Would Rain Down»
- «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
- 12" single
- «I Wish It Would Rain Down»
- «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
- «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»
Medverkande
endre- Phil Collins: klaverinstrument, vokal, trommer, tamburin
- Eric Clapton: gitarar
- Pino Palladino: bass
Salslister
endreSongen vart ein hit i 1990 og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i USA og førsteplassen på RPM Top 100 i Canada. I Storbritannia nådde singelen sjuandeplassen.
I Canada var han den singelen som låg lengst på toppen av lista i 1990 med seks veker og var den mestseljande singelen i Canada det året.[2]
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Wish It Would Rain Down» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Phil Collins interview». WEA. 1989. Arkivert frå originalen 7. desember 2008. Henta 9 April 2009.
- ↑ Top Singles - Volume 53, No. 6, 22 December 1990, arkivert frå originalen 22. desember 2017, henta 12. februar 2013
- ↑ "Australian-charts.com – Phil Collins – I Wish It Would Rain Down". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
- ↑ "Phil Collins – I Wish It Would Rain Down – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Ultratop.be – Phil Collins – I Wish It Would Rain Down" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 24. mars 2020.
- ↑ "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 24. mars 2020.
- ↑ Nyman, Jake (2005). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3.
- ↑ "Lescharts.com – Phil Collins – I Wish It Would Rain Down" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
- ↑ "Phil Collins - I Wish It Would Rain Down". Charts.de. Media Control.
- ↑ «Irish Single Chart». irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 15. februar 2008.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – week 8, 1990" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 24. mars 2020.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Phil Collins – I Wish It Would Rain Down" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Charts.org.nz – Phil Collins – I Wish It Would Rain Down". Top 40 Singles. Hung Medien.
- ↑ «Polish Singles Chart». Arkivert frå originalen 16. juni 2011. Henta 12. februar 2013.
- ↑ "Swedishcharts.com – Phil Collins – I Wish It Would Rain Down". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "Phil Collins – I Wish It Would Rain Down – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Collins?f=379&g=Singles Phil Collins Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Phil Collins. Prometheus Global Media.
- ↑ "Collins?f=341&g=Singles Phil Collins Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Phil Collins. Prometheus Global Media.
- ↑ "Phil Collins Chart History (Mainstream Rock)". Billboard.
- ↑ *Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
- ↑ Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing.
- ↑ «Jaaroverzichten 1990» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 24. mars 2020.
- ↑ «Top 100 Hit Tracks of 1990». RPM. Library and Archives Canada. Henta 22 Mars 2019.
- ↑ «Top 100 Adult Contemporary Tracks of 1990». RPM. Library and Archives Canada. Henta 24. mars 2020.
- ↑ «Top 100 Singles – Jahrescharts 1990» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 24. mars 2020.
- ↑ «Single top 100 over 1990» (pdf) (på nederlandsk). Top40. Henta 24. mars 2020.
- ↑ «Jaaroverzichten – Single 1990» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 24. mars 2020.
- ↑ «Billboard Top 100 - 1990». Arkivert frå originalen 17. januar 2010. Henta 24. mars 2020.