Ice in the Sun
Singel av Status Quo
frå albumet Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo
B-side

«When My Mind Is Not Live»

Utgjeve 1968
Innspelt 1968
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:14
Selskap Pye Records
Låtskrivar(ar) Marty Wilde
Ronnie Scott
Produsent John Schroeder
Status Quo-kronologi 
«Black Veils of Melancholy»
(1968)
Ice in the Sun «Make Me Stay a Bit Longer»
(1969)


«Ice in the Sun» er ein song av Status Quo. Songen vart spelt inn i 1968 og kom ut på albumet Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo i august det året.[1]

«Ice in the Sun» vart gjeven ut på singel i Storbritannia i august 1968.[1] Songen er skriven av Marty Wilde og Ronnie Scott (ikkje den kjende jazzmusikaren) og var produsert av John Schroeder.[2] Songen var den andre hitsingelen til Status Quo.[3]

Songen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, og låg tolv veker inne på lista,[3] og nådde 29. plassen på den kanadiske RPM-lista. I USA nådde songen 70. plassen på Billboard Hot 100[4] og vart den siste singelen deira på lista der.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 927–929. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. «Album review by Robert Aniento». Allmusic.com. Henta 2. oktober 2018. 
  3. 3,0 3,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 526. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. «Status Quo Ice In The Sun Chart History». 

Bakgrunnsstoff

endre