Ida Zachariassen Sagberg
Ida Zachariassen Sagberg (fødd 11. april 1984)[1] er ein norsk forfattar frå Tromsø. Ho debuterte i 2011 med novellesamlinga Snart er det oss.[2] Sagberg bur i Vadsø og arbeider i Troms og Finnmark fylkesbibliotek som rådgjevar og festivalkoordinator for Finnlitt – Finnmark internasjonale litteraturfestival.[3]
Ida Zachariassen Sagberg | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. april 1984 (40 år) Tromsø |
Yrke | Forfattar |
Periode | 2011- |
Debut | Snart er det oss |
Sagberg var forfattarstudent ved Kunstakademiet på Universitetet i Tromsø frå 2011 til 2013. Ho har tidlegare medverka i antologiane Nordnorsk temperament og Løsrivelse.[2] I 2012 var ho redaktør og medverkande i antologien Vi skal ikkje bindes saman frå forfattarstudiet i Tromsø[4], og hadde òg ei novelle med i klimaantologien SNU – Et brev til klimagenerasjonen.[5]
I 2020 deltok ho i ein skrivekonkurranse i regi av iTromsø og Ordkalotten, og ho var ein av åtte finalistar som fikk vere med på Novellecup.[6] Novella «I want to believe» kom til semifinalen.
Bøker
endre- 2011 – Snart er det oss – novellesamling
Referansar
endre- ↑ «Ida Zachariassen Sagberg», Forfatterkatalogen (på norsk bokmål), henta 3. mai 2021
- ↑ 2,0 2,1 «Boklansering: Ida Zachariassen Sagberg: Snart er det oss». Nettstaden til Universitetet i Tromsø. Henta 10. februar 2012.
- ↑ «Ansattoversikt - Troms og Finnmark fylkeskommune», www.tffk.no, arkivert frå originalen 2. mai 2021, henta 2. mai 2021
- ↑ «Forfatterstudentene i Tromsø lanserer antologien 2012». Nettstaden til Universitetet i Tromsø. Henta 24. mai 2012.
- ↑ ««Tar klimadebatten tilbake»». Dagsavisen. Henta 30. mai 2012.
- ↑ Hansen, Carina (14. oktober 2020), «Idas hageslange inspirerte henne til å skrive novelle», itromso.no (på norsk bokmål), henta 2. mai 2021
Bakgrunnsstoff
endre- Bloggen til Ida Zachariassen Sagberg Arkivert 2012-03-09 ved Wayback Machine.