If I Needed Someone

If I Needed Someone
Singel av The Hollies
B-side

«I've Got a Way of My Own»

Språk engelsk
Utgjeve Desember 1965
Sjanger Pop, Beat-musikk
Selskap Parlophone R5392
Komponist George Harrison
Tekstforfattar George Harrison
The Hollies-kronologi 
«Look Through Any Window»
(1965)
If I Needed Someone «I Can't Let Go»
(1966)


«If I Needed Someone» er ein song av The Beatles som vart gjeven ut første gong på albumet Rubber Soul i 1965. Songen var skriven av George Harrison og spelt inn mellom 16. oktober og 18. oktober 1965.

Inspirasjon endre

Songen var tungt influert av musikken til den amerikanske gruppa The Byrds. Etter sigande sendte Harrison songen til Jim McGuinn med beskjeden «Dette er for Jim» sidan gitarriffet i «If I Needed Someone» var basert på McGuinn sitt riff i songen The Bells of Rhymney. Introduksjonen og capoet i songen var òg særs like Byrds. Pussig nok var The Byrds eigen bruk av elektrisk 12-strengars gitar influert av George Harrison sin bruk av eit tilsvarande instrument i filmen A Hard Day's Night.

Harrison har sjølve skrive om songen at «'If I Needed Someone' er som ein million andre songar skrive rundt D-akkorden. Om du flyttar fingeren din rundt får du fleire små melodiar og nokre gongar får du fleire små sjukdommar. Den gitarlinja, eller variasjonane av han, finst i mange songar og det overraskar meg at folk framleis finn nye kombinasjonar av dei same tonane.»

Versa har tunge harmoniar med John Lennon si stemme høgast, noko høgare enn Harrison si i miksen.

Musikarar endre

If I needed someone if I had some more time to spend
Then I guess I'd be with you my friend if I needed someone

George Harrison
  • John Lennon — harmonistemme, rytmegitar
  • Paul McCartney — harmonistemme, bassgitar
  • George Harrison — dobbelspora hovudstemme, sologitar
  • Ringo Starr — trommer, tamburin
  • George Martin — harmonium (orgel)

Andre versjonar endre

Harrison inkluderte songen på sitt Live In Japan-album frå 1992 der han og Eric Clapton hadde langt lengre gitarspel mellom versa. Harrison si stemme er òg mykje meir prominent enn på Beatles-originalen.

Clapton spelte òg ein kort versjon av songen på hyllestkonserten «Concert For George» i 2003.

«If I Needed Someone» var den første songen frå George Harrison som vart ein hitsong for ei annan gruppe. Det var The Hollies si utgåve som nådde 20. plass på den britiske hitlista i januar 1966. Harrison sine nedlatande kommentarar til pressen førte til sinte ordvekslingar mellom dei to britiske gruppene.

Kjelder endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre