If There Is Something
If There Is Something Song av Roxy Music frå albumet Roxy Music | ||
Utgjeve | Juni 1972 | |
Innspelt | 17. mars 1972 i Command Studios, London | |
Sjanger | kunstrock, glamrock | |
Lengd | 6:34 | |
Tekstforfattar | Bryan Ferry | |
Låtskrivar(ar) | Bryan Ferry | |
---|---|---|
Produsent | Peter Sinfield |
«If There Is Something» er ein song av Bryan Ferry, spelt inn av bandet hans Roxy Music for debutalbumet deira med same namn. Ei konsertutgåve av songen finst på albumet deira Viva!.
Songen har ein heller munter, spretten stil, og er ein lett etterlikning av countr med honkytonk-liknande piano og klimprande gitar. Synginga til Ferry er nonchalant og spøkefull.
Songen vart nytta i filmen Flashbacks of a Fool i 2008.
Konsertutgåver
endreSongen vart spelt på nesten alle dei tidlege Roxy Music-turneane og instrumentalpartia vart gjerne dradd ut, som tok songen opp i 10-12 minuttar. Den 18. februar 1972 sendte BBC eit opptak av songen som var på over 11 minuttar. Eit konsertopptak frå Newcastle City Hall den 27. eller 27. oktober 1974 vart gjeven ut på konsertalbumet Viva! i 1976.
Medverkande
endre- Andy MacKay – saksofon, korvokal
- Bryan Ferry – Vokal, Piano, mellotron
- Eno – EMS VCS 3 synth, korvokal
- Graham Simpson – Bassgitar.
- Paul Thompson – Trommer
- Phil Manzanera – Gitar
- Andy MacKay – Saksofon og obo
- Bryan Ferry – Vokal og klaverinstrument
- Eddie Jobson – Strykarar, synthesizer og klaverinstrument
- John Wetton – Bass
- Paul Thompson – Trommer
- Phil Manzanera – Gitar
Andre versjonar
endre- Tin Machine med David Bowie på vokal spelte inn songen på Tin Machine II i 1991.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «If There Is Something» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2011.