Igman er eit fjell sentralt i Bosnia-Hercegovina, like sørvest for Sarajevo, ved sida av fjellet Bjelašnica og landsbyen Ilidža. Det høgaste punktet til Igman er Vlahinja på 1 502 meter, og det er dermed det lågaste av Sarajevo-fjella.

Igman
fjell
Land  Bosnia-Hercegovina
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Høgd 1 502 moh.
Koordinatar 43°46′18″N 18°15′58″E / 43.77167°N 18.26611°E / 43.77167; 18.26611
Kart
Igman
43°47′00″N 18°15′00″E / 43.783333333333°N 18.25°E / 43.783333333333; 18.25
Wikimedia Commons: Igman

Igman er ein populær turiststad for gå- og skiturar. Under Vinter-OL 1984, vart det utført mange øvingar her, i tillegg til nabofjella Jahorina og Bjelašnica. Det er ført opp mange bygningar ved Igman, men mange ber framleis spor etter konflikten i 1992-1995. Det er planlagt ein taubane mellom Igman og Ilidžas Hrasnica. I dag er framleis Igman ein av dei største turistattraksjonane i Sarajevo, og eit turistmål er skihoppanlegget frå vinter-OL. Premieutdelingspodiet er derimot fullt av kulehol, fordi det vart brukt til avrettingar under krigen.

Igman har rekorden som den kaldaste staden i regionen med ein minimumstemperatur på −43 °C. Når vêret er klårt nok kan ein frå fjellet sjå heilt til Montenegro og Adriahavet.