Ignaz Semmelweis
Ignaz Philipp Semmelweis (opphavleg Ignác Fülöp Semmelweis (ungarsk) (fødd 1. juli 1818 i Buda, død 13. august 1865 i Döbling ved Wien) var ein ungarsk-austerriksk lege som synte at barselfeber var smittsam og at tilfella av barselfeber kunne minke drastisk om pleiarane vaska hendene grundig. Han oppdaga dette i 1847 då han var sjef for fødselsavdelinga på eit sjukehus i Wien.
Ignaz Semmelweis | |
Statsborgarskap | Keisardømet Austerrike, Ungarn |
Fødd | 1. juli 1818 Budapest |
Død | |
Yrke | lege, botanikar, universitetslærar, gynekolog, fødselslege, hygieniker |
Språk | ungarsk, østerriksk tysk, engelsk, tysk |
Ektefelle | Mária Weidenhofer |
Ignaz Semmelweis på Commons |
Liv og gjerning
endreSemmelweis arbeidde på 'Allgemeine Krankenhaus der Stadt Wien', der han merka seg den store skilnaden i dødelegheit mellom dei to fødeavdelingane på sjukehuset. På Fyrste avdeling låg kvinner frå borgarskapet; desse vart primært undersøkt av lækjarane under fødselen. På Andre avdeling var innlagt kvinner med svakare økonomi; her var det jamnast jordmødrer som assisterte under fødslane. Semmelweis registrete at kvinnene på Fyrste avdeling hadde ein markant større dødelegheit enn dei som vart overvåka av jordmødrene. På Fyrste avdeling døydde ofte mellom 10% og 35% av dei fødande, medan dødelegheita for kvinnene på Andre avdeling, samt for kvinner som fødde heime, låg heilt ned på 2%.
Semmelweis kom på sporet av årsaka til skilnaden i dødelegheit, etter at kollegaen Jakob Kolletschka døydde av ein infeksjon han fekk under ein obduksjon av ei kvinne som hadde døydd i barselssenga på sjukehuset. Arbeidsdagen for lækjarane på Fyrste avdeling var organisert såleis at dei starta i disseksjonsstova, der ein utførte obduksjonar, deretter heldt ein fram på avdelingane med tilsyn av pasientane. Jordmødrene på Andre avdeling arbeidde einast med å gje fødselhjelp. Semmelweis utvikla ein hypotese om at lækjarane måtte overføre et «likstoff» frå dei døde pasientane til dei levande. Han fekk lækjarane til å vaske hendene i ei klorkalk-oppløysing, før dei førte tilsyn med kvinnene. Dødelegheita fall då til eit nivå som samsvarte med nivået på Andre avdeling. Seinare innførte han også tilsvarande vask av operasjonsinstrument og enda med å kunne syne til ei dødelegheit på under 1%.
I Noreg er han særleg kjend etter Jens Bjørneboe sitt skodespel «Semmelweis» frå 1968.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ignaz Semmelweis» frå Wikipedia på dansk, den 13. juli 2015.