Igor Ivanovitj Sikorskij (25. mai 188926. oktober 1972), seinare Igor Sikorsky, var ein russisk-amerikansk ingeniør.

Igor Sikorsky

Fødenamn Игорь Иванович Сикорский
Statsborgarskap USA, Det russiske imperiet
Fødd 25. mai 1889
Kyiv
Død

26. oktober 1972 (83 år)
Easton

Yrke luftfartsingeniør, oppfinnar, flygar, forretningsdrivande
Språk russisk, engelsk
Religion Den russisk-ortodokse kyrkja
Far Ivan Sikorski
Igor Sikorsky på Commons

Sikorsky var fødd i Kiev i dåverande Tsar-Russland i 1889 i ein russisk familie.[1][2][3] Han utvandra til USA i 1919.[4][5][6] Då han vart amerikansk statsborgar var det som Igor Sikorsky, som er den engelske translitterasjonen av namnet hans.

Han var oppteken av flyging frå guteåra, og var sterkt inspirert av bøkene til Jules Verne. Som ung eksperimenterte han med små helikoptermodellar, og bygde allereie i 1909 sitt første forsøk på eit helikopter, sjølv om det ikkje makta å løfta seg frå jorda. Han kasta seg i staden over fly, og fekk sitt første fly på vengene i 1911. Fleire modellar kom til, og i 1914 blei han den første som flaug eit fly med 4 motorar. Ein forbetra versjon flaug med passasjerar same året. Året etter var ein bombeversjon klar for flygetroppane til den russiske hæren, som tok flyet i bruk i 1915.[treng kjelde]

Eit Sikorsky-helikopter

I USA grunnla han Sikorsky Aero Engineering Corporation i 1923, og utvikla fleire fly med faste venger. Draumen om helikopteret held fram, og i 1931 fekk han patent på den kjende moderne helikopterkonstruksjonen med hovudrotor og mindre lodrette halerotor. I 1940 gjorde han den første flyginga i eit brukbart helikopter dagen før fødselsdagen sin, og i 1941 hadde han konstruert eit helikopter som kunne halda seg i lufta i meir enn 15 minutt.[treng kjelde]

Det første helikopteret (S-47) blei levert til United States Air Force i 1942.[treng kjelde]

Kjelder endre

  1. "Igor Sikorsky Was a Reflection of His Heritage and Experiences in life" Arkivert 2022-01-21 ved Wayback Machine.. Sikorsky Archives News, April 2013. Quote: "My family is of Russian origin."
  2. "Igor Sikorsky | Historical Archives | History" Arkivert 2019-06-01 ved Wayback Machine.. sikorskyarchives.com
  3. Sergei I. Sikorsky (2007). The Sikorsky Legacy. Arcadia Publishing. s. 7. ISBN 9780738549958. 
  4. [1] "An interview with Sergei Sikorsky in Russian by pravmir.ru"
  5. Kutuzov, Mikhail. "The Genius of Flight" (English translation). Russian Archipelago, 2012. Retrieved: May 16, 2012.
  6. Ukrainian Congress Committee of America 1978, s. 187