Igor Leonidovitsj Trandenkov (fødd 17. august 1966) er ein russisk tidlegare stavhoppar frå Leningrad som vann sølvmedaljen i øvinga ved Sommar-OL 1992, EM 1994 og OL 1996, samt bronse i VM 1993.

2019

Aktiv

endre

Trandenkov fekk sølvmedaljen i stavtevlinga under Sommar-OL 1992 i Barcelona, der han og landsmannen Maksim Tarasov begge gjekk over 5,80 m, Tarasov i fyrste og Trandenkov i tredje forsøk. Året etter fekk dei same to kvar si bronsemedalje i Friidretts-VM i Stuttgart. Dei stoppa på ny på 5,80 m, deira to tidlegare landslagskameratar Serhij Bubka og Grigorij Jegorov vann gull og sølv.

Ved europameisterskapen 1994 tok Trandenkov seg over 5,90 m og vann sølv, landsmannen Rodion Gataullin vart europameister med 6,00 m. Under dei olympiske leikane 1996 i Atlanta var Trandenkov ein av tre utøvarar som tok seg over 5,92 m. Franske Jean Galfione og Trandenkov klarte høgda i fyrste forsøk, Galfione tok gullet gjennom eitt riv på tidlegare høgder, Trandenkov hadde to riv på 5,86 m og fekk sølv, medan Andrej Tivontsjik kom på bronseplassen.

Trandenkov hevda seg nasjonalt og internasjonalt frå 1987 til 1999. Han vart russisk meister i stavhopp 1994 og 1995. Den 3. juli 1996 sikra han seg sin tredje strake russiske meistertittel. I heimbyen St. Petersburg svinga han seg over 6,01 meter og vart den fjerde stavhopparen som hoppa 6 meter.

Trandenkov er gift med sprintaren Marina Trandenkova.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre