Rodion Gataullin

Rodion Gataullin (fødd 23. november 1965) er ein tidlegare friidrettsutøvar fødd i Tasjkent i dåverande Sovjetunionen, i dag Usbekistan. Han tevla i stavhopp og representerte fyrst Sovjetunionen, seinare Russland. Gataullin vart europameister i 1990 og 1994, dessutan tok han OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1987. Hans personlege rekord er 6,00 meter, innandørs presterte han 6,02 m. Gataullin var den andre stavhopparen som svinga seg over seksmeters-lekta, etter Serhij Bubka.

Rodion Gataullin
Statsborgarskap Russland
Fødd 23. november 1965 (55 år)
Tasjkent
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

AktivEndra

Gataullin vart junioreuropameister i stavhopp 1983 og vann øvinga i universiaden i 1985. Under VM i friidrett 1987 fekk han bronsemedaljen, der landslagskollega Serhij Bubka vann og franske Thierry Vigneron tok sølvet på same høgda som Gataullin. Vinteren 1988 vart Gataullin europameister innandørs med 5,75 m.

I sin olympiske debut i 1988 stoppa han etter ha nådd 5,85 m og sølvplass, saman med olympiameister Bubka og bronsevinnar Gregorij Jegorov sørgde han for at alle medaljane i stavhopp hamna i dåverande Sovjetunionen.

Gataullin vart i 1990 europameister i stavhopp framom nemnde Jegorov. Fire år seinare forsvarte han EM-tittelen på framifrå vis. Under meisterskapen i Helsingfors svinga han seg over heile seks meter, også då hadde han sterkast konkurranse frå ein landsmann, Igor Trandenkov tok sølvet med 5,90 m i sluttprotokollen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra