Iivo Nei
Iivo Nei (fødd 31. oktober 1931) er ein estisk sjakkmeister fødd i Tartu.
Iivo Nei | |
Statsborgarskap | Estland |
Fødd | 31. oktober 1931 (93 år) Tartu |
Yrke | sjakkspelar, idrettspersonlegdom |
Iivo Nei på Commons |
Iivo Nei var ein lovande junior, og i 1947 tok han tredjeplassen i den 6. Sovjetiske juniormeisterskapen i sjakk i Leningrad. Viktor Korchnoi vann turneringa. I 1948 delte han førsteplassen med Korchnoi i den 7. sovjetiske juniormeisterskapen i Tallinn.
Iivo Nei har vunne den estiske meisterskapen i sjakk åtte gongar: 1951, 1952, 1956, 1960, 1961, 1962, 1971 og 1974.
I 1955 delte han 3-6.-plass i den baltiske meisterskapen i sjakk i Pärnu. Meisterskapen vart vunnen av Paul Keres. I 1960 kvalifiserte han seg til den 27. Sovjetmeisterskapen i sjakk i Leningrad, der han fekk ein delt 14-15.-plass. Korchnoi vann turneringa.
Han vann så den baltiske meisterskapen i 1961 i Palanga, i 1963 i Estland og i 1964 i Pärnu. I 1964 delte han førsteplassen med Keres i Beverwijk. I 1965 vart han nummer to etter Vladas Mikenas i den baltiske meisterskapen i Palanga.
Verdssjakkforbundet FIDE tildelte Iivo Nei tittelen Internasjonal Meister i sjakk (IM) i 1964.
Iivo Nei var ein av Boris Spasskij sine sekundantar, saman med Efim Geller og Nikolai Krogius under Verdsmeisterskapen i sjakk 1972 i Reykjavik, tvekampen mot amerikanaren Bobby Fischer.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Iivo Nei» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2009.