Ikeya-Zhang
Kometen Ikeya–Zhang (offisielt 153P/Ikeya–Zhang) er ein komet som vart oppdaga av tre astronomar kvar for seg den 1. februar 2002. Japanaren Kaoru Ikeya oppdaga han kl. 09.50 UTC, kinesaren Daqing Zhang halvannan time seinare, medan brasilianaren Paulo Raymondo fann han same dag, men då hadde alt meldinga om kometen gått ut frå IAU.
Ikeya–Zhang on April 1, 2002 | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av: | Kaoru Ikeya, Zhang Daqing |
Oppdaga dato | 1. februar 2002 |
Alternative namn: | C/2002 C1 |
BaneelementA | |
Epoke | 13. oktober 2002 |
Aphel (Q) | 101.9200 AU |
Perihel (q) | 0.507141 AU |
Store halvakse (a) | 51.2136 AU |
Eksentrisitet (e) | 0.990098 |
Omløpsperiode (P) | 366.5101 år[1] |
Førre perihel | 18. mars 2002[1] 29. januar 1661[2] |
Neste perihel | 1. september 2362[2] |
Ikeya-Zhang framstod som ein diffus ball på himmelen med storleiksklasse 3 og med ein hale. Han fann seg i nærleiken av Andromedagalaksen, og var nærast sola 18. mars, 75 millioner km unna, og nærast jorda 30. april, 60 millioner km unna.
Studiar av banen til Ikeya-Zhang viser at kometen har vitja oss tidlegare, i 1661. Han vart da kalt Hevelius' komet, etter oppdagaren Johannes Hevelius frå Polen.
Kjelder
endre- Delphin, Inger Lise A. (14. februar 2009). Ikeya Zhang. I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014 frå http://snl.no/Ikeya-Zhang.
- ↑ 1,0 1,1 «JPL Small-Body Database Browser: 153P/Ikeya-Zhang». Jet Propulsion Laboratory. 2002-10-02 last obs (arc 341.6 yr). Henta 13. juni 2016.
- ↑ 2,0 2,1 Syuichi Nakano (13. august 2002). «153P/Ikeya-Zhang». OAA Computing and Minor Planet Sections. Henta 13. juni 2016.