Il sogno di Scipione
Il sogno di Scipione, K. 126 er ein dramatisk serenade i ein akt (azione teatrale) komponert av Wolfgang Amadeus Mozart til ein libretto av Pietro Metastasio, som er basert på boka Somnium Scipionis av Cicero. Mozart hadde opphavleg komponert verket då han var 15 år for vernaren sin, fyrstbiskop Sigismund von Schrattenbach. Då biskopen døydde før det vart framført, valde Mozart å dedisere operaen til etterkomaren til Schrattenbach, grev Colloredo. Han fekk ei privat framføring i erkebispepalasset i Salzburg den 1. mai 1772, sjølv om ikkje heile vart framført. Berre ein arie, den siste koralen og eit resitativ vart framført for fyrstbiskopen. Det er usannsynleg at det vart framført i sin heilskap medan Mozart levde.[1]
K. 126 Opera av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1772 | ||
Urframføring | 20. januar 1979 1. mai 1772 | ||
Typisk lengd | 107:30 | ||
Satsar/akter | 15 | ||
Libretto av | Pietro Metastasio |
Første gongen ein sikkert veit at operaren vart framført i sin heilskap, var i 1979 for Mozartveka i Salzburg.
Rolle | Stemme | Premierebesetning, 1. mai 1772 |
---|---|---|
Scipione, Scipio Africanus den yngre | tenor | |
Costanza (Constancy) | sopran | |
Fortuna (Fortune) | sopran | |
Publio, Scipio Africanus the Elder, onkelen til Scipio og adoptivfar |
tenor | |
Emilio (Æmilius), far til Scipio | tenor | |
La Licenza | sopran | |
Kor: Heltar |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Il sogno di Scipione» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Amadeus Almanac, accessed 24 juni 2008
- Il sogno di Scipione: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- ↑ Piero Melograni, Wolfgang Amadeus Mozart: A Biography, translated by Lydia G. Cochrane, University of Chicago Press, 2006, pp. 56–57
Bakgrunnsstoff
endre- Il sogno di Scipione: Libretto