Pityusarane

(Omdirigert frå Illes Pitiüses)

Pityusarane (katalansk Illes Pitiüses; spansk Islas Pitiusas, frå gresk πιτύα, pitýa, furu) er namnet på to av øyane i Balearane i Spania, Ibiza og Formentera, i Middelhavet.

Pityusarane
Flagget til Ibiza og Formentera
Flagget til Ibiza og Formentera
Geografi
Stad Middelhavet
Koordinatar 38°42′N 1°27′E / 38.700°N 1.450°E / 38.700; 1.450
Øygruppe Balearane

Store øyar Ibiza, Formentera
Areal 654,28 km²

Høgaste punkt Talaia på Ibiza (476 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Balearane

Demografi
Folketal 161 369 (2006)

Øyane ligg om lag 100 km sørvest for Mallorca og om lag 80 km aust for Cap de la Nau på det spanske fastlandet.

I antikken vart øyane kalla Pityussa av Klaudios Ptolemaios. Øyane vart nytta som base for sjørøvarar. Den romerske generalen Annius dreiv dei bort med ein stor flåte og med dei den romerske opprøraren Quintus Sertorius, som søkte tilflukt her.

Furuøyane vert rekna som ein del av Balearane, men stundom rekna som ei eiga øygruppe. Politisk er dei uansett ein del av den autonome regionen Balearane.

Kjelder endre