For trikkelinja, sjå Ilalinja.

Ilsviklinja var eit jernbanesidespor som gjekk frå respektive Skansen stasjon og Marienborg til industriområdet i Fagervika i Trondheim. Spora vart mellom anna nytta til transport av svovelkis og sink frå Killingdal gruver i Holtålen via Rørosbanen til selskapet sitt oppreiing- og utskipingsverk i Fagervika frå 1953 til nedlegginga i 1986. I tillegg hadde sporet att ei rekke sidespor til Ila pir og ulike verksemder basert i Ilsvika og i Fagervika.

Ilsviklinja
Info
System Enkeltspora
Status Nedlagt
Utgangsstasjon Skansen stasjon, Marienborg
Endestasjon Fagervika
Drift
Opna 1884
Type trafikk Gods
Teknisk
Sporvidd Normalspor
Lengde 2,3 km + 1,2 km
Tunnelar 2
Utklipp frå planprojeksjon av Trondheim Havn frå 1953 som syner jernbanetraseen frå Skansen til Fagervika, markert med raudt. Dovrebanen i blått.
Foto: Trondheim Havn

Historie endre

Ilasporet frå Skansen stasjon til Fagervika var på rundt 2,3 kilometer og vart bygt i 1884. Sporet gjekk langs industriområdet ved Nedre Ila og forbi Trondheim kornsilo og Ila pir før det møtte Steinbergsporet rett aust for reservekraftverket i Ilsvika, der dei saman gjekk vidare som eitt spor mot Fagervika.

Steinbergsporet frå Marienborg til Fagervika var på rundt 1,2 kilometer og vart bygt under andre verdskrig. Sporet gjekk gjennom Steinberget tunnel (612 meter) og Møllehaugen tunnel (90 meter) før det møtte Ilasporet ved reservekraftverket i Ilsvika. Begge desse spora vart stengde hausten 1995, og har i seinare tid blitt fjerna heilt, mellom anna gjennom bygginga av Nordre avlastningsveg og gjenopninga av Ilabekken.

Trondheim kommune sette i gang med opprydding av områda rundt (pga sterk forureining frå området) i april/mai 2010 med tanke på å opparbeide friområde. I dag eksisterer det om lag 100 meter av skjenegangen ved tankanlegget i Fagervika, og at banens opphavlege trasé frå Ilsvika til Fagervika er open som gang- og sykkelsti.

Linjekart endre

 
Ila sett frå lufta i 2010.
Foto: Trondheim Havn
Teiknforklaring
       Fagervika
      
      
       551,59 km Møllehaugen, 90 m. (Skansen)
       551,37 km Ilelva, Nidareid, 120 m
       550,95 km Steinberget, 612 m
      
    550,80 km Marienborg
    Dovrebanen

Galleri endre

Litteratur endre

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Oslo / Hamar: Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. s. 91. ISBN 82-90286-28-7. 

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre