Imeon Range
Imeon Range (bulgarsk Хребет Имеон, ‘Hrebet Imeon’) er ei fjellkjede på Smith Island i Sør-Shetlandsøyane. Ho strekkjer seg 30 km frå sørvest til nordaust mellom Cape James og Cape Smith, og kring 7 km brei. Det høgaste fjellet, Mount Foster, er òg det høgaste fjellet på Sør-Shetlandsøyane med ei høgd på 2105 meter over havet. Fjellet vart først klatra den 30. januar 1996 av eit lag frå New Zealand leia av Greg Landreth.
Imeon Range | |||
fjellkjede | |||
Sørlege Imeon Range med Mount Foster
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 62°58′S 62°30′W / 62.967°S 62.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Imeon Range 62°58′29″S 62°30′21″W / 62.974722222222°S 62.505833333333°W | |||
Plasseringa til Smith Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Andre fjell i fjellkjeda er Evlogi Peak (2090 m), Antim Peak (2080 m), Mount Pisgah (1860 m), Slaveykov Peak (1760 m), Neofit Peak (1750 m), Drinov Peak (1630 m), Riggs Peak (1690 m) og Mount Christi (1280 m).
Ho er kalla opp etter Imeon (dagens Pamir, Hindu Kush og Tian Shan), som er den mytologiske heimstaden til bulgarane i antikken.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Imeon Range» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Imeon Range. Composite Gazetteer of Antarctica.