Tian Shan
Tian Shan (kinesisk skrift 天山; pinyin Tiān Shān; «Himmelfjella»; uigurisk Tangri Tagh), òg ofte skrive Tien Shan, er ei fjellkjede i Sentral-Asia.
Tian Shan | |||
fjell | |||
Fjelltoppen Khan Tengri (7 010 moh) ved solnedgang
| |||
Land | Kina, Pakistan India, Kirgisistan Kasakhstan | ||
---|---|---|---|
Høgd | Jengish Chokusu (7 439 moh) moh. | ||
Bergartar frå | Kenozoikum | ||
Koordinatar | 42°N 80°E / 42°N 80°E | ||
Tian Shan 42°02′15″N 80°07′31″E / 42.0375°N 80.125277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Tian Shan |
Namnet «Tian Shan» som stort sett er i bruk i dag, er ei kinesisk omsetjing av det uiguriske namnet, som kan gå tilbake til ein Xiongnu-namn, Qilian (祁连), omtalt av Shiji som heimlandet til Yuezhi. Dette er derimot vorte hevda[1] at dette refererer til ei fjellkjede 1500 km lenger aust som i dag heiter Qilian Shan. Ei nærliggande fjellkjede, Tannu-Ola-fjella (tuvinsk Таңды-Уула, Tangdy-Uula), tyder òg «Himmelfjellet».
Fjellkjeda ligg nord og vest for ørkenen Taklamakan i grenseområdet mellom Kasakhstan, Kirgisistan og provinsen Xinjiang i Kina. I sør glir fjella over i Pamirfjella. Ho strekkjer seg òg inn i Xinjiang og dei nordlege områda av Pakistan, der ho møter Hindu Kush.
I vestleg kartografi vert den austlege enden av Tian Shan sett til like vest for Ürümqi, medan rekkja aust for denne byen vert kalla Bogda Shan. I kinesisk kartografi frå Han-dynastiet og fram til i dag, vert Tian Shan rekna for å inkludere Bogda Shan og Barkolfjella.
Tian Shan er ein del av det orogeniske beltet rundt Himalaya som oppstod då den indiske og eurasatiske jordskorpeplata kolliderte i kenozoikum-perioden. Dei er ei av dei lengste fjellkjedene i Sentral-Asia og strekkjer seg 2 800 km austover frå Tasjkent i Usbekistan.
Den høgaste toppen i Tian Shan er Jengish Chokusu med ei høgd på 7 439 moh, som òg er det høgaste punktet i Kirgisistan og ligg på grensa til Kina. Det nest høgaste fjellet er Khan Tengri («Andane sin herre») på 7 010 moh, som ligg på grensa mellom Kasakhstan og Kirgisistan. Fjellklatrarar klassifiserer desse to som dei nordlegaste toppane i verda over 7 000 meter.
Torugart-passet ligg på grensa mellom Kirgisistan og Xinjiang i ei høgd på 3 752 moh. Dei skogkledde Alataufjella, som ligg i dei lågare nordlege delane av Tian Shan, er busett av folk som talar tyrkiske språk. Dei største elvane som spring ut frå Tian Shan er Syr-Darja, Ili og Tarim. Aksuravinen er ein attraksjon nordvest i Tian Shan.
Ein av dei første europearane ein kjenner til som først vitja og skildra Tian Shan i detalj var den russiske utforskaren Peter Semenov i 1850-åra.
Økologi
endreTian Shan inneheld viktige skogar med Schrenkgran (Picea schrenkiana) i høgder over 2 000 meter. Dei lågare fjellsidene har unike naturlege skogar med vill ekte valnøtt- og epletre.
Kinesisk religion
endreI taoismen meiner ein at gudinna av vesten vaktar over ferskentrea av udødelegdom i Tian Shan.
Galleri
endre-
Gorkijtoppen sett frå Sør-Inyltsjek-breen
-
Sør-Inyltsjek hovudleir, med Tsjapajev og Khan Tengri på tvers breen
-
Astronomiske observasjonar i Tian Shan, om lag 1912, av Sergej Prokudin-Gorskij
-
Skog av schrenkgran
-
Jakoksar som beiter i Xinjiang i Kina
-
Ala Köl (innsjø), Terskej-Alatau-fjella i Kirgisistan
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tian Shan» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Contemporary Atlas of China. 1988. London: Marshall Editions Ltd. Reprint 1989. Sydney: Collins Publishers Australia.
- The Times Comprehensive Atlas of the World. Eleventh Edition. 2003. Times Books Group Ltd. London.
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Russisk fjellklatringssider Arkivert 2013-04-24 ved Wayback Machine.
- Tien Shan på britannica.com Arkivert 2008-06-09 ved Wayback Machine.