Kjempespringfrø
Kjempespringfrø (Impatiens glandulifera) er ei plante i springfrøslekta i springfrøfamilien. Opphavleg kjem arten frå det vestlege Himalaya. Planta er kring 1-2 meter høg og har motsette blad som er mørkgrøne og sagtagga. Ho har rosa til raude blomstrar med grov rak spore. I Noreg blomstrar ho i juli-august månad.
Kjempespringfrø | |
Kjempespringfrø | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Springfrøfamilien Balsaminaceae |
Slekt: | Springfrøslekta Impatiens |
Art: | Kjempespringfrø I. glandulifera |
Vitskapleg namn | |
Impatiens glandulifera |
Utbreiing
endreDen naturlege veksestaden til kjempespringfrø er Himalaya. Til Europa har han komme som hageplante, og har forvilla seg frå hagar. Arten er funnen i alle fylke i Noreg unntatt Finnmark.
Invasiv art
endreKjempespringfrå produserer mykje nektar som tiltrekk seg insekt slik pollineringa er effektiv. Det blir danna ei mengde frø som den spreier på ein effektiv måte. Det gjer at kjempespringfrø kan legg spreie seg og konkurrere ut lokale artar. Den blir såleis sett på som ein invasiv art og er ført opp på norsk svarteliste både for 2007 og 2012.
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Bakgrunnsstoff
endre- Svarteliste 2012 Arkivert 2012-06-20 ved Wayback Machine.