Springfrø
(Omdirigert frå Impatiens noli-tangere)
Springfrø er ei plante i springfrøslekta i springfrøfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 50 cm høg, og har gjennomskinleg stengel og spreidde blad. Hangande gule blomstrar som minner litt om ein maskeblomster eller ein orkide. Modne kasplar eksploderer og kastar ut frøa når noko kjem innåt. Springfrø bBlømer kring juli månad på fuktige stader i skugge. Planta finst i Noreg på delar av Austlandet, nord på Vestlandet, på Møre, i Trøndelag og Nordland.
Springfrø | |
Springfrø | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Springfrøfamilien Balsaminaceae |
Slekt: | Springfrøslekta Impatiens |
Art: | Springfrø I. noli-tangere |
Vitskapleg namn | |
Impatiens noli-tangere |
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Springkorn» frå Wikipedia på svensk, den 9. september 2010.