In Every Dream Home a Heartache

In Every Dream Home a Heartache
Song av Roxy Music
frå albumet For Your Pleasure
Utgjeve Mars 1973
Innspelt Februar 1973 i Command Studios, London
Sjanger Kunstrock, glamrock
Lengd 5:29
Selskap EG Records
Låtskrivar(ar) Bryan Ferry
Produsent Chris Thomas, John Anthony and Roxy Music

«In Every Dream Home a Heartache» er ein song skriven av Bryan Ferry frå Roxy Music-albumet For Your Pleasure frå 1973.

Tekstmessig er songen ein skummel monolog, delvis kritikk av tomheita velstanden fører med seg, delvis ein kjærleikssong til ei oppblåsbar dukke. Musikken som følgjer teksten er ein syklus på fire akkordar (D# F# F G#) ført an av eit 'kinoorgel' spelt på ein Farfisa. Etter konklusjonen i teksten «I blew up your body/but you blew my mind!», når songen eit klimaks med eit langt instrumentalt parti, med sologitar av Phil Manzanera.

Songen tonar heilt ut, før han tonar inn igjen med phase-effekt på musikken.

Songen er av dei mest ikoniske og populære i Roxy Music-katalogen, og har til dømes vorte spelt på Old Grey Whistle Test på BBC og på mange av konsertane deira. Ei konsertutgåve finst på konsertalbumet Viva! og Concerto. På opptaket på tyske Beat Club kan ein sjå Mackay spele orgelet med Ferry på rytmegitar. Eno erstattar phase-effektane frå studioutgåva med forseinkingseffektar.

Andre versjonarEndra

Songen har vorte spelt av Jared Louche frå Chemlab, Rozz Williams og Gitane Demone på albumet Dream Home Heartache. Jane Birkin spelte songen på Rendez-Voux i 2004.[1] Han er òg framført på konsert av Peter Murphy i 2009. Ein annan versjon er gjort av Fields of the Nephilim på albumet Revelations.

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. Dave Thompson, Rendez-Vous album Review. - Allmusic