In Memory of Elizabeth Reed
In Memory of Elizabeth Reed Song av The Allman Brothers Band frå albumet Idlewild South (Studio) At Fillmore East (Live) | ||
Utgjeve | 23. september 1970 (Studio) July 1971 (Live) | |
Innspelt | Februar - juli 1970 (studio) 12. til 13. mars 1971, Fillmore East, New York City (Live) | |
Sjanger | Jazzfusion, instrumental rock, jamrock | |
Lengd | 6:54 (Studio) 13:04 (live) | |
Selskap | Capricorn Records | |
Låtskrivar(ar) | Dickey Betts | |
---|---|---|
Produsent | Tom Dowd |
«In Memory of Elizabeth Reed» er ein song av den amerikanske rockegruppa The Allman Brothers Band. Han kom først ut på det andre studioalbumet deira, Idlewild South (1970), gjeve ut på Capricorn Records. Songen er ein jazzinspirert instrumental og vart skriven av gitaristen Dickey Betts, som ein av dei første songane han skreiv for gruppa. Betts kalla songen etter ein gravstein han såg på Rose Hill Cemetery i heimbyen til bandet, Macon i Georgia. Det er blitt spelt inn fleire versjonar av songen, mellom anna på det populære konsertalbumet At Fillmore East frå 1971, som generelt vert rekna som den definitive utgåva.
The Rolling Stone Album Guide kalla «In Memory of Elizabeth Reed» i den originale studioinnspelinga for «blåkopien for ein konsert-krigshest, og fanga the Allmans på sitt mest eventyrlystne»[1] The New York Times skreiv at «dei skrivne riffa og dei jazzaktige harmoniane tillet rom for improvisasjon.»[2] «Elizabeth Reed» vart derfor nettopp spelt på mange av Allman Brothers-konsertane og kunne stundom strekkje seg ut til ein halvtime eller meir,[3] og finst på fleire konsertalbum. I 2007 kåra Rolling Stone «In Memory of Elizabeth Reed» til ein av dei femti beste songane som er lengre enn sju minuttar[4] – og vart nemnt som ein av songane som nesten nådde lista deira over dei 100 beste gitarlåtane gjennom tidene i 2008, der Rolling Stone kalla versjonen frå At Fillmore East «transcendent».[5]
Andre artistar
endreSongen vart spelt inn av jazzfløytisten Herbie Mann i 1973 på albumet hans Turtle Bay.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «In Memory of Elizabeth Reed» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The New Rolling Stone Album Guide. Fireside Books. 2004. ISBN 0-7432-0169-8. p. 15.
- ↑ Peter Watrous (7. april 1994). «Allman Band Explores The Realm Of the Guitar». The New York Times.
- ↑ Ben Ratliff (15. mars 1997). «A Band of the 60's With Mushrooms on the Mind». The New York Times.
- ↑ «Rock List: The Fifty Best Songs Over Seven Minutes Long». Rolling Stone. 13. desember 2007. Arkivert frå originalen 19. juni 2008. Henta 9. september 2018.
- ↑ «The 100 Greatest Guitar Songs of All Time: Honorable Mentions». Rolling Stone. 12. juni 2008. Arkivert frå originalen 1. juli 2008. Henta 9. september 2018.