In Real Time: Live '87
In Real Time: Live '87 Studioalbum av Fairport Convention | ||
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 40:10 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Dave Mattacks | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Fairport Convention-kronologi | ||
Expletive Delighted!(1986) | In Real Time: Live '87 | Heyday (1987)
|
In Real Time: Live '87 er eit album av folkrockbandet Fairport Convention. Sjølv om det (særleg ut frå plateomslaget) ser ut til å bestå av konsertinnspelingar, er albumet stort sett spelt inn i The Mill studio i Farnham i Buckinghamshire, med lydar av publikum lagt oppå sidan, visstnok henta frå ein konsert med John Martyn.
«Live '87» av tittelen viser til at songane vart spelte inn «live» i studio, der alle musikarane speler samstundes, og ikkje kvar for seg som ein ofte gjer på studioinnspelingar.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Reynard the Fox» | Trad. | 12:28 |
2. | «The Widow of Westmoreland's Daughter/Random Jig» | Trad./James Hill | 10:33 |
3. | «The Hiring Fair» | Dave Mattacks, Ralph McTell | 08:24 |
4. | «Crazy Man Michael» | Richard Thompson, Dave Swarbrick | 11:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Close To The Wind» | Stuart Marson | 04:48 |
6. | «Big Three Medley: (The Swirling Pit/Matty Groves/The Rutland Reel/Sack the Juggler)» | Dave Pegg/trad./Ric Sanders/Ric Sanders | 10:41 |
7. | «Meet on the Ledge» | Richard Thompson | 04:09 |
Medverkande
endre- Simon Nicol : vokal, elektrisk & akustisk gitar
- Ric Sanders : fiolin, klaverinstrument;
- Maartin Allcock : vokal, elektrisk & akustisk gitar, bouzouki, bass;
- Dave Pegg : bass, mandolin, trommer, vokal;
- Dave Mattacks : trommer, klaverinstrument
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «In Real Time: Live '87» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: