Expletive Delighted!
Expletive Delighted! Studioalbum av Fairport Convention | ||
Innspelt | Februar, april & mai 1986 i Woodworm Studios i Barford St. Michael i Oxfordshire | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 35:53 | |
Selskap | Woodworm WR007 | |
Produsent | Fairport Convention | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Fairport Convention-kronologi | ||
Gladys' Leap (1985) |
Expletive Delighted! | House Full (1986)
|
Expletive Delighted! er eit album av folkrockbandet Fairport Convention. Det er det einaste albumet deira som berre består av instrumentalmusikk, trass i at det på omslaget står «teksthefte vedlagt».[1]
Ric Sanders, som hadde spelt på somme spor på det førre albumet, Gladys' Leap, vart invitert med i Fairport som fulltidsmedlem, og det same vart Maartin Allcock. Resultatet vart i følgje Dave Pegg, «Rick og Maart skreiv begge ting, og komponerte desse flotte instrumentale stykka. Eg tenkte at me burde gjere noko med ein gong, fange augneblikket. Så vi gav ut eit heilt instrumentalt album, Expletive Delighted. Eg ønskte verkeleg å vise alle kva desse nye karane kunne gjere, kor flinke dei var til å spele ... besetninga tydde at me kunne turnere att, og det gjorde at me hadde nye songar for Cropredy, og det gjorde at det var eit Fairport igjen. Så frå 1986 og framover, var ikkje Cropredy berre ein gjenforeiningsfestival lenger. Vi hadde eit band.»[2]}} Denne nye besetninga varte i elleve år, den mest stabile av alle samansetningane av Fairport fram til då.[3]
Kritikaren i Allmusic skildra Expletive Delighted! som «stundom hyggeleg og stundom særs irriterande», og kritiserte at trommene til Dave Mattacks var altfor tydelege i miksen, medan «Portmeirion» og tittelsporet vart skildra som «like delikate og vakre som noko denne versjonen av bandet har gjort».[4]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Rutland Reel/Sack The Juggler» | Ric Sanders | 03:20 |
2. | «The Cat On The Mixer/Three Left Feet» | Maartin Allcock | 03:37 |
3. | «Bankruptured» (Omarbeiding av ein song frå Tipplers Tales i 1978) | Dave Pegg | 03:04 |
4. | «Portmeirion» | Ric Sanders | 05:21 |
5. | «Jams O'Donnell's Jig» | Dave Pegg | 02:48 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Expletive Delighted» | Ric Sanders | 01:55 |
7. | «Sigh Beg Sigh Mor» | O' Carolan | 07:18 |
8. | «Innstuck» | Maartin Allcock | 02:08 |
9. | «The Gas Almost Works» | John Kirkpatrick | 01:58 |
10. | «Hanks For The Memory» («Shazam», «Pipeline», «Apache» og «Peter Gunn») | forskjellige, arr. Jerry Donahue | 04:38 |
Medverkande
endre- Maartin Allcock : gitarar, bouzouki, mandolin
- Jerry Donahue : gitar
- Dave Mattacks : trommer, perkusjon, klaverinstrument
- Simon Nicol : gitarar, vokal
- Dave Pegg : akustisk & bassgitarar, mandola
- Ric Sanders : fiolin
- Richard Thompson : gitar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Expletive Delighted!» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Expletive-Delighted - The Fairport Convention Discography Website Sponsored by Musikfolk Limited (www.musikfolk.com)». www.fcfansite.fsnet.co.uk. Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta 2. februar 2011.
- ↑ «Dave Pegg recounts Fairport's history - Fairport Convention's official website». www.fairportconvention.com. Arkivert frå originalen 16. mai 2008. Henta 2. februar 2011.
- ↑ «History: Simon Nicol writes about Fairport - Fairport Convention's official website». www.fairportconvention.com. Arkivert frå originalen 11. februar 2009. Henta 2. februar 2011.
- ↑ «allmusic Expletive Delighted! > Overview». www.allmusic.com. Henta 2. februar 2011.