Maartin Allcock (fødd 5. januar 1957), òg kjend som Martin Allcock, er ein multi-instrumentalist og plateprodusent.

Maartin Allcock

Allcock med Swarb's Lazarus under Cropredyfestivalen i Oxfordshire, 12. august 2006
Fødd5. januar 1957
FødestadMiddleton i Lancashire i Storbritannia
DødsstadLondon
AliasMartin Allcock
OpphavStorbritannia
Aktiv1976–2018
SjangerKeltisk folk, elektrisk folk, rock, folkrock
InstrumentVokal, gitar, fele, klaverinstrument, mandolin
Tilknytte artistarFairport Convention, Jethro Tull
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Han var fødd i Middleton i Lancashire og studerte musikk i Huddersfield og Leeds. Han byrja å spele profesjonelt i januar 1976 i danseband og folkeklubbar. Den første turneen hans var i 1977 med Mike Harding som ein av the Brown Ale Cowboys. Han flytte mellombels til Bretagne i 1978, og lærte kokkeyrket der. Då han kom attende til Manchester studerte han for å bli chef, og arbeidde på Shetlandsøyane i 1980.

I 1981 vart han medlem av the Bully Wee Band, ei keltisk folkemusikkgruppe, og frå oktober 1985 til desember 1996 vart han sologitarist i Fairport Convention, og i fire år spelte klaverinstrument med rockebandet Jethro Tull frå januar 1988 til desember 1991. Sommaren 1991 spelte han òg klaverinstrument for The Mission.

Studioarbeid og produksjon

endre

Karrieren til Allcock omfattar meir enn 200 album, mellom anna med Robert Plant, Beverley Craven, Judith Durham, den bretonske gitaristen Dan Ar Braz (seks album), Ralph McTell, Dave Swarbrick, Yusuf Islam og Dafydd Iwan. Han byrja å produsere walisisk musikk i 2005 og har produsert ti album for Sain Records i Caernarfon. Allcock var med å grunnleggje The Bad Shepherds, men forlet bandet i september 2009 for å gjere andre prosjekt. Han er ein bassgitarist og turnemanager for låtskrivaren Beth Nielsen Chapman. Han skriv for tida i Acoustic Magazine.

Utvald diskografi

endre

Soloalbum

endre
  • MAART (1990)
  • OX15(1999)
  • Serving Suggestion (2004)

Med Fairport Convention

endre

Andre samarbeid

endre
  • Ralph McTell, Bridge Of Sighs (1987)
  • Simon Nicol, Before Your Time (1987)
  • Ralph McTell, Love Songs(1989)
  • Kieran Halpin, Crystal Ball Gazing (1989)
  • Beverley Craven, Beverley Craven (1990)
  • Steve Ashley, Mysterious Ways (1990)
  • Dan Ar Braz, Songs (1990)
  • Dan Ar Braz, Frontieres de Sel (1991)
  • Kieran Halpin, Mission Street (1991)
  • Ralph McTell, Silver Celebration (1992)
  • Ralph McTell, The Boy With The Note (1992)
  • Dan Ar Braz, Les Îles de la Memoire (1992)
  • Dan Ar Braz, Rêve de Siam (1992)
  • Dan Ar Braz, Xavier Grall (1992)
  • Simon Nicol, Consonant Please Carol (1992)
  • Robert Plant, Fate Of Nations (1993)
  • Ralph McTell, Alphabet Zoo (1993)
  • Beverley Craven, Love Scenes (1993)
  • Beth Nielsen Chapman, Beth Nielsen Chapman (2nd Album) (1993)
  • Les Barker, Gnus and Roses (1994)
  • Ralph McTell, Slide Away The Screen (1994)
  • Dan Ar Braz, Theme For The Green Lands (1994)
  • Ashley Hutchings, Twangin' 'n' a-Traddin' (1994)
  • Ashley Hutchings, The Guv'nor's Big Birthday Bash (1995)
  • Billy Connolly, Musical Tour Of Scotland (1995)
  • Judith Durham, Mona Lisas (1996)
  • Mandolin Allstars, 1st album (1996)
  • Steve Tilston/Maggie Boyle, All Under the Sun (1996)
  • Chris Leslie, The Flow (1997)
  • The Simon Mayorkvintett, Mandolinquents (1997)
  • WAZ!, WAZ! (1998)
  • Dave Pegg And Friends, Birthday Party (1998)
  • Steve Gibbons, The Dylan Project (1998)
  • WAZ!, Fully Chromatic (1999)
  • David Hughes, Recognised (2000)
  • Ralph McTell, Red Sky (2000)
  • Hope & Glory (Soundtrack) (2000)
  • Sally Barker, Another Train (2000)
  • Emily Slade, Shire Boy (2001)
  • Kieran Halpin, Back Smiling Again (2002)
  • Alistair Russell, A19 (2002)
  • John Wright, Dangerous Times (2002)

Som plateprodusent

Bakgrunnsstoff

endre