In the Flesh?

song av Pink Floyd
In the Flesh?
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. November 1979
Innspelt April-november, 1979
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 3:19
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

«In the Flesh?» er ein song av det britiske rockebandet Pink Floyd frå albumet deira The Wall frå 1979.

Komposisjon

endre

Songen er forholdsvis høglytt, og er om lag 3 minutt og 20 sekund lang. Dei første 15 sekunda av songen er roleg, og inneheld melodi frå songen «Outside the Wall». På albumet vert dette brukt til å lage ein «syklus», eit konsept Roger Waters brukte ein god del medan han hadde styringa i Pink Floyd. Ein vert oppmerksam på syklusen gjennom Waters si stemme dei første to sekunda av albumet og songen, der han seier «...we came in?». Første del av denne setninga finn ein i dei to siste sekunda av albumet (slutten av «Outside the Wall») der han seier «Isn't this where...»

Songen «eksploderer» så inn i sjølve «In the Flesh?» med høglydt gitar og vrengd orgellyd. Dette varer det neste minuttet, før første vers byrjar. Musikken er rolegare under verset, og etter verset returnerer melodien til den eksplosive intromelodien, som varer resten av songen. Under dette siste partiet kan ein høyre scenetilvisingar som vert ropt ut og heilt mot slutten eit stupbombefly i angrep, før alt vert stilt og berre lyden av eit gråtande barn er att.

Innhald

endre

Som dei andre songane på The Wall fortel «In the Flesh?» ein del av historia til Pink, som har hovudrolla. Songen uttrykker byrjinga på showet, fortalt av Pink sjølv, og sceneanvisningane vert brukt for å vise at Pink skal fortelje oss historia om bygginga av muren. Teksten fortel at sjølv om det ikkje ser sånn ut, er ting heilt annleis «behind these cold eyes» og at viss tilhøyraren (sunshine) ville finne ut av desse tinga, så må han «claw his way through this disguise». Songen indikerer òg, gjennom lyden av stupbombeflyet, at faren til Pink døydde under Andre verdskrigen.

Konsertutgåve

endre

Under The Wall-turnéen vart songen framført av eit band med masker som likna på dei verkelege medlemmane i Pink Floyd, noko som spelte på tekstlinjene «Tell me, is something eluding you sunshine? Is this not what you expected to see?», i tillegg til referansen om eit «surrogatband» i reprisen av songen seinare på albumet og på konserten.

Filmutgåva

endre

I byrjinga av filmen sit Pink på eit hotellrom, medan ei menneskemengd bryt gjennom døra hans i det musikken «eksploderer». Filmen viser så klipp av folk under eit opprør som vert vist seinare i filmen, og har så ein krigsscene der eit tysk Ju-87 Stuka bomber ein bunkers, noko som indikerer dødsfallet til Pink sin far.

Scenetilvisingar

endre

Som nemnd over skrik Roger Waters ut scenetilvisingar mot slutten av songen:

Lights!
Roll the sound effects!
Action!
Drop it! Drop it on 'em!
Drop it on 'em!

Konsertutgåva på Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 hadde små endringar:

Lights!
Roll the sound effects!
Drop it on 'em!
Drop it on 'em!

Medverkande

endre

med:

Kjelder

endre