Ina Eriksen (fødd 20. april 1970) er ein norsk kunstnar og tangodansar som arbeider med ulike materiale og media, som skulptur, performance,[1] dans, installasjon,[2] teikning og bøker.

Ina Eriksen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1970 (54 år)
Yrke kunstnar
Sky Safari

Liv og virke

endre

Eriksen er fødd i Oslo. Ho har studert drama i Seattle, klipp ved Academy of Art University i San Francisco, og filosofi og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har master i biletkunst frå Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling Statens kunstakademi.

Verket hennar Sky Safari[3] blei mellom anna vist i Oslo på UKS-Biennalen 2001.[4] Dokumentarfotoet av performancen «Løgner» blei kjøpt inn av Preus Museum i 2009 i samband med utstillinga Kunsten å falle – Fotografi av norsk performance og prosesskunst 1966–2009.[5][6] Kunstfilmen (70mm) «Ett minutts stillhet» - ei varmluftsballongferd blei vist på Flere steder for alltid[7], Westcoast festival of Nuart[8] og kjøpt inn av Lillehammer kommune.

Eriksen arbeidde i performance-gruppa EFFJ i perioden 1995–2000.

Frå 1995 har Eriksen studert og dansa argentinsk tango. I 2009 starta ho Oslo Tango, som ho også driv. Dette har som mål å utvikla og inspirera miljøet generelt, og høga det profesjonelle nivået spesielt i Noreg. Eriksen dansar, underviser og produserer kunstprosjekt med argentinsk tango i botn. Ho har skapt eit rom for utveksling av tangokultur på stader som Litteraturhuset i Oslo, Melahuset, Scenehuset, CAK med gjesteartistar og instruktørar som Puppy Castillo[9], Ariadna Naveira og Fernando Sanchez[10], Graciela Gonzalez, Geraldin Rojas og Ezequiel Paludi[11], Sabrina Masso[12] og Federico Naveira, Cecilia Garcia og Serkan Gokcesu[13], Pablo Rodriguez og Corina Herrera[14], og Silvio La Via[15] alle frå Argentina. Ho har i samarbeid med andre lokale dansarar etablert klubbkonsepta La Colgada, Milonga Sol, Milonga Brava, La Pizpireta, og frå 2018 Lunática Milonga og praktika. Ho blei òg engasjert av Dansens Hus i Oslo til å driva Tangokafe med dans i 2010. Ho har i samarbeid med andre lokale dansere etablert klubb konsepta La Colgada, Milonga Sol, Milonga Brava, La Pizpireta, og frå 2018 Lunática Milonga og praktika. Ho arbeider aktivt som tango-DJ og har oppdrag på eigne klubbar, men speler jamleg på klubbar og festivalar i Noreg og Sverige. Ho er òg aktivt utøvande tangodanser og gjer oppdrag i samarbeid med Silvio La Via.

Sidan 2009 har ho arbeidd med prosjektet Performance-kroki. Der er kroppen materiale og performance er ramma. Performance-kroki tar utgangspunkt i kvardagen til ungdommane, og at dei sjølv skal få arbeida med tema dei er opptatt av. Dette er improvisasjon utan fasit, men med klare rammer. Møtepunkt kan òg vera utstillingar der Performance-kroki blir utvida til ein dialog med eit gitt kunstverk, som på utstillinga Prisme på Nasjonalmuseet, avdeling for samtidskunst i juni 2012. Interaksjon er eit nøkkelord, med erfaring, deltaking og historieforteljing gjennom kroppen. Resultata blir små tablå med varierande gruppestorleikar.

Performance-kroki har turnert med Den kulturelle skulesekken i Troms fylke, gjesta Nansenskolen og faglærarseminar i musikk, dans og drama og vore på Nasjonalmuseet, avdeling for samtidskunst.

Utstillingar i utval

endre

Landsdekkande utstillingar:

  • Statens kunstutstilling Haustutstillinga 1994, 2003[16]
  • Opplandutstillinga 1994
  • Den nordnorske landsdelsutstillinga 1992

Juryerte og kuraterte utstillingar:

  • Østlandsutstillingen – Performance - Ikaros 2013[17]
  • Kunstbanken Hamar performancefestival – petite nature or whatever, 2009[18]
  • Lillehammer Kunstmuseum – strek i bevegelse – Strek i bevegelse tegnekunst gjennom 150 år, 2008
  • Kunstbanken Hamar performancefestival – Til minne om Adelina Delgado, 2003
  • Kunstnersentert i Oppland – Flere steder for alltid – 70mm performancefilm, 2003[19]
  • Oslo Kunsthall – The Ragamaala Team, 2002
  • UKS-Biennalen 2001 – Sky Safari – flyballett, veggtegninger for blindsoner, 2001
  • Kunstnersentert i Oppland – 8 dager i juni, Sky Safari, 2000
  • Museet for Samtidskunst British Links – Architecture of Aggresion – EFFJ, 1999
  • Oslobandstand – John Dee – Sick of it all – built to last – EFFJ 1999
  • Astrup Fearnley Museet – Fem unge i dialog med Kitaj – llevar y dejarse llevar, 1998
  • Lillehammer Kunstmuseum – Innlandskunst, 1998
  • Intern. performancefestival Vilnius, løgner – EFFJ, 1997
  • Intern. perf.festival Vordingborg, Danmark, løgner – EFFJ, 1997
  • UKS, Indian Summer, Til minne om Adelina Delgado, 1997
  • Galleri Enkehuset, Stockholm, Double Bind, Asi se baila el tango, 1997
  • Galleri Rimzom Århus, Double Bind, Asi se baila el tango, 1997
  • Tammerfors, Intern. perffestival – Amorph, 1996
  • Galleri Struts, Oslo En kveld med...EFFJ 1996
  • Kunstnernes Hus – OsloOneNightStand, Løgner – EFFJ 1995

Kjelder

endre
  1. Presentasjon av performancekunstnere Arkivert 2012-02-06 ved Wayback Machine., fra nettstedet performancekunst.no
  2. «POPP»[daud lenkje], fra nettsidene til Tromsø kunstforening
  3. «Norsk Performancekunst | performancekunst.no». archive.is. 7. juli 2013. Arkivert frå originalen 7. juli 2013. Henta 11. august 2018. 
  4. Listen.no - Ina Eriksen
  5. «Norsk Performancekunst | performancekunst.no». archive.is. 7. juli 2013. Arkivert frå originalen 7. juli 2013. Henta 25. mai 2022. 
  6. Listen.no - Ina Eriksen
  7. «Oppland Kunst i Offentlige Rom | Oppland kunstsenter» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 11. august 2018. Henta 11. august 2018. 
  8. «Numusic - West Coast festival of Numusic 2003 - MIC Norsk musikkinformasjon». www.mic.no. Henta 11. august 2018. 
  9. «Puppy Castello - Biography, history - Todotango.com». www.todotango.com (på engelsk). Henta 11. august 2018. 
  10. «Ariadna Naveira y Fernando Sanchez | Tango». www.ariadnayfernando.com (på spansk). Arkivert frå originalen 11. august 2018. Henta 11. august 2018. 
  11. «Biography of Ezequiel Paludi by Todotango.com - Todotango.com». www.todotango.com (på engelsk). Henta 11. august 2018. 
  12. «Federico Naveira y Sabrina Masso». www.facebook.com (på norsk bokmål). Henta 11. august 2018. 
  13. «CECILIA GARCIA & SERKAN GOKCESU». www.facebook.com (på norsk bokmål). Henta 11. august 2018. 
  14. «Corina Herrera Tango». www.facebook.com (på norsk bokmål). Henta 11. august 2018. 
  15. Conradi, Tobias. «Silvio Lavia - tango.info». tango.info (på engelsk). Henta 11. august 2018. 
  16. Statens Kunstutstillings arkiv, arkivert frå originalen 7. mars 2013, henta 25. mai 2022 
  17. «Bilder fra performance av Ina Eriksen 2013 - Østlandsutstillingen». Østlandsutstillingen (på norsk bokmål). 4. juni 2013. Arkivert frå originalen 14. august 2020. Henta 25. mai 2022. 
  18. «Kunstbanken Hamar, performance festival 2009». Arkivert frå originalen 9. juli 2016. Henta 3. desember 2012. 
  19. «Flere steder for alltid». Arkivert frå originalen 9. mars 2016. Henta 3. desember 2012.