Incheon internasjonale lufthamn

Incheon internasjonale lufthamn (IATA: ICN, ICAO: RKSI) er den største flyplassen i Sør-Korea, den viktigaste lufthamna som tener området kring Seoul, og er ein av dei største og travlaste lufthamnene i verda. Sidan 2005 har lufthamna vore kåra til den beste i verda av Airports Council International[1][2] og fekk den beste rangeringa på 5-stjerner av Skytrax, noko berre Hong Kong internasjonale lufthamn og Singapore Changi lufthamn har klart med.[3] Lufthamna har golfbane, spa, private soverom, skøytebane, eit casino, innandørs hagar og eit museum om koreansk kultur.

Incheon internasjonale lufthavn
Incheon International Airport 인천국제공항
IATAICN
ICAORKSI
FlyplasstypeSivil
EigarDen sørkoreanske stat
OperatørIncheon International Airport Corporation (IIAC)
TenerSeoul, Incheon Sjå dette på Wikidata
StadIncheon
Opna29. mars 2001 Sjå dette på Wikidata
Høgd23 fot Sjå dette på Wikidata
Koordinatar37°27′48″N 126°26′24″E / 37.46333°N 126.44000°E / 37.46333; 126.44000
Nettstadhttp://www.airport.kr/eng/ Sjå dette på Wikidata

Incheon internasjonale lufthamn opna tidleg i 2001, og erstatta då den gamle Gimpo internasjonale lufthamna, som no i hovudsak tener innlandske destinasjonar i tillegg til tur/retur-flygingar til Tokyo (Haneda), Shanghai (Hongqiao), Osaka (Kansai) og avgrensa teneste til Nagoya og Tsushima.

Kjelder

endre
  1. «Airport Service Excellence Awards». ACI website. 27. februar 2008. Henta 24. september 2008. 
  2. Airports Council International Arkivert 2012-05-12 ved Wayback Machine.. Aci.aero. Retrieved on 2010-11-28.
  3. The World's official 5-Star Airports – SKYTRAX. Airlinequality.com. Retrieved on 2010-11-28.